tirsdag, februar 02, 2010

Idioti, kjære Helse Midt-Norge!

Eg prøvar å vere forsiktig med bastante og krasse uttalelsar på bloggen, men akkurat no klarer eg ikkje å dy meg.

Eit nytt kapittel i historia til Volda Sjukehus har kome – først var det akutt-tilbodet ved sjukehuset som var foreslått lagt ned. Eg veit ikkje om det er fordi dei såg kor mange som engasjerte seg mot det som gjer at Helse Midt-Norge no har kome med eit nytt forslag eg, eller kva som er målet…? No foreslår dei å legge ned fødeavdelinga ved sjukehuset

Skal vi grine eller le?

Når Eiksundssambandet opna, gjorde dette at reisetida for oss frå øyane blei vesentlig nedkorta. Innan 45-60 minutt er dei fleste av oss i Volda. Det er rett nok liknande reisetid til Ålesund for nokre av oss, men då med ei ferje som skal klaffe…

Om det er fødeavdelinga eller akutt-tilbodet dei vil kutte i – det er like gale begge deler! Vi treng Volda Sjukehus slik det er i dag!

Ja, eg forstår her er pengar inni bildet, men det må då kunne gå an å spare på noko anna enn helsetilbodet i Noreg… Vi treng lokalsjukehusa! Dette kan ikkje vi godta.

Om du endå ikkje har signert oppropet til folkeaksjonen for Volda Sjukehus, oppfordrar eg deg til å gjere det her.

3 kommentarer:

  1. Å, det er så typisk at det skal bli kamp om dei godene som vi har, økonomi kan vel ikkje vere viktigare enn helsa til folket?

    SvarSlett
  2. Dei må snart forstå at dei ikkje kan ta nåke frå sjukehuse i volda uten kamp! ;)
    Kanskje vi like gjerne skal gjere sjukehuset privat? :p

    SvarSlett
  3. det er godt det finst engasjerte folk som tek tak når slike truslar heng over lokalsamfunnet! Dei har hatt mange tøffe tider før fødeavdelinga på Voss, men enn så lenge har dei klart å behalde den (og ifjor var det rett oppunder 500 fødslar der!)

    Stå på!

    SvarSlett