onsdag, mars 03, 2010

Pass på pus!

Mitzi (katten i huset) har katteluke, og spaserer vanlegvis inn og ut slik ho sjølv vil i løpet av dagen. Men no har ho husarrest!

Advent 019

Måndag blei nemleg katten til ein slektning tatt av ørn (ikkje brandalskatt, altså!). Og då eg kom heim frå jobb i går ettermiddag såg eg ei ørn seilande over skogen her. Eg har ikkje tenkt å miste ein katt til, så då får Mitzi ha husarrest når det er lyst!

Advent 020

Mitzi har nok ikkje så mykje imot det, ho er stort sett inne uansett. Når ho tek seg ein tur ut, er ho aldri lenge ute, men det kan jo vere lenge nok til at ei svolta ørn kan prøve seg.

Trur nok det kan vere lurt å passe på både pus og andre små firbeinte no i desse dagar.

Den nemnte katten er ikkje den einaste firbeinte som har blitt tatt av ørn dei siste vekene. Både kattar og små hundar har måtte bøte med livet, dessverre. Ørnene slit nok med å finne mat i denne lange vinteren.

2 kommentarer:

  1. Hei!


    Ei lure på kvar Mitzi ligg hen ei. Men Mitzi ser ganske søt ut og det er hun også.

    SvarSlett
  2. Mitzi ligg oppå klesskapet, så ho ligg rett under taket, og har god oversikt :)

    SvarSlett