Denne helga har eg passa desse to skjønne firbeinte.
Linus, t.v. er bestefar til Freyja, t.h. og begge av rasa skogskatt. To gode vennar, og kjekke naboar. Om Mitzi er heilt enig i det siste, er eg meir usikker på, ho syns dei er ganske skumle…
SOL! Sola står høgre og høgre på himmelen for kvar dag no, noko som betyr lengre og lengre besøk av herligheita!
Mitzi har også kosa seg ute i sola i dag.
I dag har vi verkleg fått ein smak av vår!! ♥
Brandal badar i sol, og snøen er på god tur til å fare sin vei! Dette kan vi like!
I dag har mamma vore på middag, det er ikkje så ofte vi har middag som ikkje er kjøpt på butikken, men i dag hadde vi hjort, og det var nydleg godt. Lokal hjort frå Brandal ;) Føler meg nesten ond som skriv det, å ete av desse flotte dyra som vandrar her i bygda…
Oi, eg oppdaga akkurat at teljaren min har passert 10.000 no. Fantastisk! Det spørs om eg må feire litt i løpet av veka!
Med ynskje om ei fin veke til alle saman! ♥
Så herlig at mildeværet endeleg har kome her på vestlandet. Gratulerer med 10.000 besøkande:-)
SvarSlettHurra for sol og vår og snøsmelting!!
SvarSlettOg grattis med 10 000 :D