lørdag, mai 08, 2010

Overraskelsestur til Brandbu

No er eg på Brandbu (Hadeland) på besøk med Anja. Ho ante ikkje at eg kom, og det var ei rimleg overraska søster då eg kom tuslande opp veien i går. Morsomt! Ho stod ute saman med Heidi (som eg hadde haika med frå Gardermoen). Eg hoppa av borti veien, og venta litt med å tusle opp.

I dag har vi huset for oss sjølve, det er strålande solskinn ute, og det kjem litt meir besøk i løpet av dagen. Noko tradisjonelt utdrikkingslag vert det ikkje, men satsar på ein strålande flott dag!

Satsar på litt bilder i eit seinare innlegg. No er det frukost, og ut i sola som står på planen!

Skulle gjerne vore på Nordfjordeid i dag og sett korleis det går med Pokemann og Liv Jorunn. Heldigvis får eg nok oppdatering på sms etterkvart!

God helg alle saman!

2 kommentarer:

  1. Så morro å overraske slik! Tippar de har ein kjekk kveld, og så får me håpe at morgondagen vert like bra ;)

    SvarSlett
  2. phuuuuuuuuuuuuuuuu ja klarte å holda dette hemmelig ganske lenge nå. du er ei fiiiin søster som overaska anja slik glad i deg

    SvarSlett