fredag, mai 21, 2010

Siste kveld på Hjørungavåg

I kveld var det siste kveld Lea er på Hjørungavåg. Ho reiser til Volda igjen i morgon ettermiddag. Det vert rart, men det er rett.

Janita har fått stallplass til Lea i Hoggabakkane og beiteplass er i boks. Og eg trur ho er veldig klar for å kose seg saman med godhesten i sommar. Håper det ordnar seg for hausten også!

Eg nytta høve til å knipse nokre bilder av både Lea og Sugar når dei fekk beite i kveld. Vi har utvida beitetida deira sakte for kvar dag, så dei ikkje får grassjokk i magane. I dag beita dei ein time.

Mai 093Mai 113Mai 126Mai 142Mai 198

3 kommentarer:

  1. Hei ♥

    Kjekt å sjå hestebildet!!! Skal ikke du ha hest meir da ?? Blir ho stakkars Sugar åleine igjen no :o( Trist å lese... Men det e vel sånn det e..

    Ha en herlig pinse Annika :))

    Klem :)))

    SvarSlett
  2. Vert nok litt rart, men kanskje godt òg, å ikkje ha ansvaret for eit så staseleg dyr lenger! Du har vel eitt og anna å henge fingrane i likevel ;)

    God pinseaftan, Annika!

    klem

    SvarSlett
  3. Ja vi har nokre som lengtar ut på grønegraset no. Dei må nok vente litt til til marka har sett seg etter all væta. Ellers vert gardsbesøkande berre møtt med moldmarkar, og det er ikkje så triveleg. Men snart er det hestane sin tur :-)

    SvarSlett