fredag, juni 18, 2010

Sommarkonsert med Vamp

Eg nyttar høve til å spre ordet om Vamp-konsert og resten av det flotte programmet på Sjøborg! Om du bor i nærleiken, og vil ha med deg nokre flotte konsertopplevelsar – eller planlegg sommarferien – legg turen til Ulsteinvik!

image

Vamp kjem 4. august, og spelar utandørs på Flø, om veret tillet det.

Omtale og billettar

Haustprogrammet til Sjøborg finn du på www.sjoborg.no. Her er det mykje spennande, og dei to største høgdepunkta vert nok 10cc i september og Manhattan Transfer i november. Elles kjem Marit Voldsæter, Arve Tellefsen og Håvard Gimse, Elin i Lønneberget, Sven Nordin m. fl.

God helg – og velkomne til Sjøborg og Ulsteinvik!

1 kommentar:

  1. Eg er heilt imponert, kor mykje fint folk de får til Ulsteinvik og Sjøborg! Kunne godt tenkt meg både Vamp, 10cc og ikkje minst Manhattan Transfer!!

    Lukke til med alle dei store arrangementa!

    SvarSlett