mandag, august 30, 2010

Bildeleik

Eg har vore sjuk i ei veke no. I dag er første dagen då eg torer heilt å håpe på at eg er i fin form i morgon, no har det snart slept taket, så i morgon vert det jobb att!

Eg har likevel vore på jobb litt i forrige veke (torsdag og fredag), for det blei litt for mykje som låg og “brann”, men i dag er eg heime for å bli kvitt siste rest av den seige sjuka. Føler meg litt utanfor når det er så lenge sidan eg har vore skikkleg på jobb, men det blir nok tidsnok kvardag!

Sidan eg har vore sjuk heile veka, har eg stort sett holdt sofaen… Bloggelysta er alltid til stades, men fantasien er det litt verre med, derfor har det blitt stilt frå denne kanten. Eg har brukt litt tid på å gå gjennom ca 1000 bilder frå bryllaupet til Julie og Roy, og sidan det er dei bilda eg har jobba med no, deler eg nokre av dei i innlegget her. For å sleppe eit heilt bildelaust innlegg…

148

Kjem bruda snart? Brudgom og forlovar ventar spent.

186

Bruda skal vere ute i siste liten, sant? Her hastar dei inn i kyrkja!

330

Og gifte blei dei!

937

Dei svinga seg til og med godt i valsen!

For dei som kjenner brudeparet, og vil sjå fleire bilder, ligg der nokre til på Facebook-sida mi (etter tillatelse frå brudeparet), og var du gjest i bryllaupet, kan du få sjå endå fleire bilder, om du gir meg eit vink.

1 kommentar:

  1. Hei!

    Takk for kommentar på bloggen min. Du må ha ei kjekk veke Annika.

    Klem fra Lille Victoria

    SvarSlett