Viser innlegg med etiketten FOTO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FOTO. Vis alle innlegg

søndag, august 19, 2012

Ein smakebit av fotografbilda frå bryllaupet

 

IMG_9023-30x40cm

Så utruleg kjekt med fotografbilder! Heldigvis veldig mange fine – og eit har alt komt opp på veggen i stova!

Litt fleire bilder i fotodagboka. Om du vil ha tilgong der, er det berre å gi eit vink :)

God måndag og ny veke til alle – og lukke til med skulestart for dei som det skal!

fredag, november 11, 2011

Kaffidate med Janita og Oline

Det er jammen kjekt at det er bilverksted i Ulsteinvik – og at eit av dei er det som Janita og dei brukar til sin bil!

2011-11-09 11.53.56

Då blei det nemlig kaffidate med Janita og Oline på meg på onsdag!

Forstår ikkje at eg har glømt å ta bilde av dei to flotte jentene, men det har eg altså gjort… Kaffien var iallfall nydlig, og selskapet like så – så då gler eg meg til neste gong, satsar på det ikkje er så lenge til!

Tusen takk for laget, Janita!

torsdag, november 10, 2011

Nydlige Sunnmøre i november

For ein fantastisk haust vi har hatt no, med fargespel på himmelen og strålande flott haustver i fleire dagar i strekk!

2011-11-07 16.13.25

Dette bilde er tatt på Sulesund, mot Hareid måndag kl 16.05 medan vi venta på ferja.

2011-11-08 11.52.08

Dagen etter var eg på Sjøborg heile dagen. Heldigvis fekk kollega Inger Anne meg på trua til lunsj i frisk luft. Sjå, så vakkert!

2011-11-08 11.55.43

Ekstra kjekt at det var så fint ver når vi hadde besøk frå det store utland. Randy Crawford, Joe Sample og fire andre fine mennesker var på besøk, og spelte på Sjøborg tysdag kveld. Dei fekk oppleve Sunnmøre på sitt beste!

I fjor på denne tida hadde vi 50 cm snø! Eg foretrekk årets vinter!! Håper det varer!

søndag, april 24, 2011

Nydlige Sunnmøre ♥

Eit lite bilderas av Sunnmørsnatur med litt hest og hund innimellom.

Langfredag og påskeafta baud på årets to første sommardagar! I dag er det fortsatt fint, sola skein tidlegare i dag, men det er ein del vind og no skyer. Men eg skal ikkje klage. Det er nydleg kjekt med slikt ver når vi attpåtil har fri!

image

Eg og mamma reiste til Øye på formiddagen i går, for å besøke Sugar. Vi kunne nok ikkje valgt ein bedre dag å sjå Hjørundfjorden på!

IMG_1770

Vel framme på Øye blei vi møtt av fornøgde hestar og blide folk!

IMG_1792

Vakker natur på Øye!

IMG_1796

Sugar og Andante har blitt veldig gode vennar - ingen tvil!

IMG_1799

IMG_1800

Sugar var ikkje så fotogen i går, ho var mest opptatt av å jåle seg for Andante, men Andante poserte litt iallfall.

IMG_1853

Og det gjorde denne frøkna her også - poserte altså.

IMG_1857

Neste gong vi besøker Sugar satsar vi på at ho er litt meir pratsom, men det er iallfall ingen tvil om at ho trives på Øye, og har det godt.

På ettermiddagen vart det ein tur til Flø, på Moods og Studio Hugo, og deretter grilling i fjøra.

IMG_1879

Den rosa traktoren til Moods utføre butikken…

IMG_1885

…er ikkje det einaste som fins i rosa der…

IMG_1886

Men mest fascinert blei eg over lyskrona i taket. Ikkje så godt å sjå på bildet, men den er laga av Norgesglas!

IMG_1887

Vi grilla i fjøra, med eingongsgrillar. Dei var nesten heilt umulege å få fyr på - ikkje pga vind, men pga mangel på tennveske på grillane. Men heldigvis var det tennveske å oppdrive på Flø - takk for redding av middagen til familien Røyset Roppen! Grillane var kjøpt i går, eg kjøpte til og med to for å ha ein i backup… Men kanskje har dei vore lagra frå i fjor, og tennveska fordampa i løpet av vinteren…? Jaja, det blei middag på oss!

IMG_1888

Flø er som alltid vakker!

torsdag, september 23, 2010

Nydlig bilde frå Flø

Camilla har foreviga Fløsola i sommar, eit nydleg bilde, og no er ho med å tevlar om å vinne ei reise til ein verdi av 50.000 kroner.

image

Om du vil stemme på hennar bilde, trykk her eller på bildet over– og trykk stem. Du kan stemme ein gong for dag.

mandag, august 30, 2010

Bildeleik

Eg har vore sjuk i ei veke no. I dag er første dagen då eg torer heilt å håpe på at eg er i fin form i morgon, no har det snart slept taket, så i morgon vert det jobb att!

Eg har likevel vore på jobb litt i forrige veke (torsdag og fredag), for det blei litt for mykje som låg og “brann”, men i dag er eg heime for å bli kvitt siste rest av den seige sjuka. Føler meg litt utanfor når det er så lenge sidan eg har vore skikkleg på jobb, men det blir nok tidsnok kvardag!

Sidan eg har vore sjuk heile veka, har eg stort sett holdt sofaen… Bloggelysta er alltid til stades, men fantasien er det litt verre med, derfor har det blitt stilt frå denne kanten. Eg har brukt litt tid på å gå gjennom ca 1000 bilder frå bryllaupet til Julie og Roy, og sidan det er dei bilda eg har jobba med no, deler eg nokre av dei i innlegget her. For å sleppe eit heilt bildelaust innlegg…

148

Kjem bruda snart? Brudgom og forlovar ventar spent.

186

Bruda skal vere ute i siste liten, sant? Her hastar dei inn i kyrkja!

330

Og gifte blei dei!

937

Dei svinga seg til og med godt i valsen!

For dei som kjenner brudeparet, og vil sjå fleire bilder, ligg der nokre til på Facebook-sida mi (etter tillatelse frå brudeparet), og var du gjest i bryllaupet, kan du få sjå endå fleire bilder, om du gir meg eit vink.

tirsdag, august 24, 2010

Sunny tuesday?

051-003

Utsikta frå stoveglaset ein kveld tidlegare i sommar. Når fargane leiker slik på himmelen, kan eg sitte lenge å studere i stor fascinasjon.

Berre innom for å ynskje ein god tysdag! Anten det er sol eller regn, håper dagen blir fin uansett!

søndag, august 22, 2010

Bloggtørke…

Siste feriehelga gikk fort. Det var eit nydleg bryllaup til Julie og Roy, og vergudane var også med på laget denne dagen.

380-red

Håper og trur det er greit for Julie og Roy at eg legg ut eit lite bilde.

Måndagen var det tilbake til kontoret i to dagar, før eg vende nasa mot Danmark, og fekk med meg ein fin presentasjon frå CSB Island Entertainment.

Det vart litt hektisk med kun to dagar på kontoret, og deretter tre dagar i Danmark utan særleg internett-tilgong, så det blei litt bloggtørke på meg…

Ute regnar det friskt, temperaturen minner om haust, og då gir meg kvardagskjensle, med forbigått sommar. I morgon er det kvardag att, og det blir nok greit å kome ordentlig i sving på kontoret att, også med ei ny kollega – hurra!

God tur til Maria (og Truls-pus), tilbake til Budapest i morgon. Sommaren har dessverre gått altfor fort, men jula kjem snart, og snart ny sommar!

Fortsatt god søndag!

torsdag, august 12, 2010

Meir dyreliv

Dyreparken i Amsterdam hadde som sagt mange flotte dyr å sjå på. Her er litt fleire bilder.

Nederland-467 Nederland-404

Nederland-439

Vi får sørlandsbesøk i dag, og laurdag er det duka for bryllaup i slekta. Håper sola som tittar fram vert verande, så brudeparet får ta bilder utandørs, og vi gjestar kan nyte frisk luft utan å bli våte!

Nederland-424Nederland-451

Med ynskje om ein god torsdag!

onsdag, august 11, 2010

Min favoritt…

Søndag var vi i dyreparken Artis, midt i Amsterdam. Her var alle mulige slags dyr. Min absolutte favoritt vart sommarfuglane.

Nederland-493

Eg har alltid vore veldig fascinert over sommarfuglar, og her var det sikkert hundrevis, i alle regnbuens fargar og størrelsar.

Nederland-497

Det var ikkje like lett å få tatt bilde av dei der dei flaksa rundt, men eg fekk heldigvis foreviga nokre.

Nederland-514

Denne (over) var av dei største som flaug rundt der, og den hadde ein nydleg blåfarge, men med ein gong den stoppa, kom desse kamuflasjefargane opp, og det var nokså umuleg å knipse den medan den flaug, dessverre.

Nederland-504

Om du vitjar Amsterdam, anbefalar eg ein tur innom Artis.

God onsdag!

tirsdag, august 10, 2010

Heime frå Nederland

No er vi heime frå tur. Vi har vore i Nederland sidan forrige onsdag. Kom heim i går kveld.

Nederland-002

Vi reiste frå nydleg ver til regn, men heldigvis visste Nederland seg frå si vakre side igjen torsdag, og resten av veka har vi stort sett hatt fint ver!

Nederland-019

Nederland var eit flott land å besøke, sjølv om det var litt rart å ikkje sjå noko fjell. Flatt så langt auge kunne sjå!

image

Vi budde på ein kosleg Bed & Breakfast ein liten halvtime utanfor Amsterdam, i Driehuis, midt mellom Haarlem og IJmuiden.

image

Rommet vi bodde på, på dei to bilda over.

image

Vi likte oss veldig godt. Det einaste “dumme” var at toalett var to etasjer ned, og dusj/bad ei etasje ned, men det blei fort ein vane :) God mat, kosleg vertinne og fin beliggenheit i forhold til dei vi besøkte.

image

B&B’en hadde eit dobbeltrom, eit enkeltrom og eit hagehus for utleige. Foreldra til Sindre budde i det koslege hagehuset.

image

Bilda frå B&B er lånt her.

Meir bilder frå turen vår kjem i morgon. Eg må “jobbe meg gjennom dei” først :)

Håper alle har hatt ei fin helg, og nyt anten siste rest av ferie, eller nettopp jobbstart!

tirsdag, august 03, 2010

Sol, sommar og ferie!

Iallfall hadde vi sol i forrige veke. No er det overskya og litt regn i lufta, men vi har fortsatt ferie, og det er skjønt!

Eg har visst tatt ferie frå bloggen også. Og det blir nok litt stille her vidare denne veka også… Eg kjem sterkare tilbake over ferien – eller kanskje vert det eit lite ferieinnlegg til…

Bakgrunnen på bloggen min forsvant “brått og brutalt” (ikkje akkurat, men utan forvarsel), og dermed fekk eg ei fin anledning til å pusse opp litt på bloggen. Eg lyt fortsette når vi er tilbake i kvardagen :)

Håper alle har ein fin sommar (eller “sommar”).

055

fredag, juli 16, 2010

Bilder frå LA:3 - onsdag

Eg ligg litt etter med bilda, det vert mange bilder på ein dag… Men her er iallfall litt bilder frå onsdag. Satsar på fleire kjem.

http://foto.annikaogsindre.com/#19

I morgon er det maratonkøyring. Anbefalar alle til å ta turen til Ørsta for å få med seg fart og spenning! Startar kl 10.00, og held på til om lag kl 15.30. Publikumsvennleg konkurranse, også for dei som ikkje er spesielt hesteinteresserte!

onsdag, juli 14, 2010

Litt bilder frå NM

NM Fjordhest i Ørsta er i gong, og første konkurransedagen er over. Eg har knipsa nok bilder, prøvar å sortere ut litt no, for å legge ut på nett. Her er første smakebit.

Folk og dyr – trykk på play-pila for å spele av, så skiftar bilda automatisk.

http://foto.annikaogsindre.com/#18

fredag, juli 09, 2010

FERIE!! ♥

Då har eg faktisk ferie! I første omgang har eg ferie i ei veke. Deretter skal eg jobbe ei veke, så har vi tre veker ferie!

Sommar-022

Den komande veka skal eg “feriere” i Ørsta! Då er det nemleg endleg klart til NM Fjordhest. Så då satsar vi på at sola også kjem denne veka!

Sommar-007

Eg har ein plan om å blogge litt den veka også. Som PR-ansvarleg vil eg prøve å få ut mest muleg om arrangementet ;o) Men sidan det er hest, hest og hest den veka, legg eg nok det ut på hestebloggen i hovudsak, i tillegg på NM-bloggen.

Sommar-009

God helg alle vennar!

Sommar-010

Bilda er av min vakre orkide som står i full blomst. Det har den forøvrig gjort sidan eg kjøpte den, i mai trur eg det var.

Til dei som les bloggen, og kjenner Anja og Kai, ligg der no nye bilder frå deira store dag, på bloggen deira.

tirsdag, juli 06, 2010

Sol ♥

I dag har sola titta fram, iallfall frå tid til anna! Enkelte skyer gjorde at det var ein litt kald fornøyelse å ete lunsj ute, men akk så godt med frisk luft.

image Bildet er frå ein annan dag med frisk luft :)

Det er tre dagar att, før ei herleg veke med ferie. Berre ei veke, tenker du? I første omgang, ja. Deretter vert det ei veke jobbing, og tre veker ferie. På den måten vert feriefølelsen ekstra lang ;o)

Neste veke skal eg “feriere” i Ørsta! Då går nemleg NM Fjordhest 2010 av stabelen, og eg skal vere publikum, heiagjeng og nytte høve til å ta mange bilder. I tillegg er eg PR-ansvarleg for arrangementet, så det vert nok å sørge for at avisene får tilsendt litt resultat også.

image

Er det fleire her som skal på NM?

søndag, juni 13, 2010

Video til Anja og Kai

I anledning bryllaupet til Anja og Kai, laga eg video til dei. Dei som har interesse av å sjå den, kan titte innom bryllupsbloggen til Anja og Kai.

image

mandag, mai 10, 2010

Ein herleg laurdag

Eg er tilbake på Sunnmøre att etter ei kjekk helg!

Vi fekk ein herleg laurdag, med strålande sol, mykje god mat, latter og moro. Vi holdt oss stort sett i Orhagaveien, men var også ein tur til søsterkirkene på Gran, og fann oss ein fin plass i nærleiken der for å ete lunsj i det fri.

Nokre bilder frå dagen:

Mai2010 030

Brandbu 030 Brandbu 035

Brandbu 002

Kai hadde ordna spekemat til oss, som vi kosa oss med på kvelden, samtidig som vi fekk med oss finala i Farmen, noko som skapte stort engasjement rundt bordet!

Brandbu 047

Vi avslutta kvelden med å leite fram våre kreative sider, og ingen har no makan servise som Anja og Kai!

Brandbu 067Brandbu 068Brandbu 069

2010-05-09 Brandbu (trykk på bilda for å sjå dei i større format)

Tusen takk for ein herleg laurdag, damer!