Vi har vore velsigna med fint ver ei heil veke no. Sola har vore framme kvar dag, og det er fin temperatur på dagtid.
For ei stund sidan spurte Yvonne meg om eg kunne tenke meg å ta bilder av borna hennar, så planen var å nytte varmen og sola i dag…
Vel, vel – fekk tatt litt bilder likevel, som Yvonne no har fått :) Det var ei veldig tolmodig og flink storesøster og ein aktiv veslebror som var dagens fotomodellar – og heldigvis blei der nokre kjekke bilder som resultat!
Bilda er lagt ut med tillatelse.
Så kjekt med foto-oppdrag, då! Me har òg hatt strålande vèr i over ei veke no, og det har vore fantastisk. Ikveld skal det visst snu, og då kjem ein sjølvsagt på alt som skulle vore gjort før regnet set inn ;)
SvarSlettGod helg, Annika!