onsdag, oktober 06, 2010

Ny-installert pc utan innhold

Eg har slitt med svært treg pc i det siste, kanskje litt (mest?) på grunn av alle bilda eg hadde lagra på den… I dag kom eg heim til “ny” pc - Sindre har lagt inn Windows 7 til meg. Tusen takk, Sindre!! Smilefjes med åpen munn

image

Ulempa er sjølvsagt at her no ikkje er noko lagra på pcen, men alt er (forhåpentligvis) trygt lagra på ein ekstern harddisk. Eg må berre ta meg tid å legge det inn att, iallfall noko av det, deriblant nokre bilder iallfall.

image

Sidan pcen min er nesten tom for bilder, får Mitzi pryde dette innlegget, med nokre bilder tatt frå mobil.

Hausten har kome til Sunnmøre. Etter vel ei veke med sol og fin temperatur, har vi no fått regn, men fortsatt ikkje så ille temperatur at vi må fyre endå. Men det er kosleg å krype under pleddet, med ein varm kopp te, og tende stearinlys rundt i stova.

Fortsatt god onsdagskveld!

1 kommentar: