onsdag, november 24, 2010

4819 born ventar…

I Noreg sit 4819 born på asylmottak rundt om i landet, og ventar på svar på sin søknad om asyl i landet.

Desse feirar nok ikkje jul på lik linje med dei fleste jamngamle norske. For sjette året på rad samlar derfor Frivilligsentralen i Ulstein inn julegåver til borna ved asylmottaket i Ulstein. Kanskje finst det liknande tiltak elles i landet?

image

I år bor der omlag 60 born på mottaket i Ulsteinvik, frå 11 ulike land. Dei går ei uviss tid i møte, og den årlege julefesten med gåver er eit fint avbrekk i kvardagen deira.

Om du vil gi ei gåve til borna, finn du info i linken her korleis.

1 kommentar:

  1. Eit flott tiltak, og desverre er det fleire barn i dette land som slett ikkje har ei fin jul sjølv om dei ikkje sitt i asylmottak. Veit ikkje om her i Volda er eit slikt tiltak, men skal jammen undersøke det.

    SvarSlett