tirsdag, november 09, 2010

Diskusjonssalong - Er Hafast løysinga?

Tysdag 16. november kl 20.30, Hareid hotell
Hafast, Hareid Fastlandssamband, jobbar for undersjøisk tunell frå Hareid til Ålesund.

Ei nyskaping i samfunnsdebatten: Hareid Venstre og Hareid Hotell startar diskusjonssalong.

Tema til debatt i salongen 16.nov kl. 20.30 blir Hafast. Innleiing ved Hans Gisle Holstad, leiar i styret i Hafast, og Leiv Arne Grimstad. Full debatt, myldring og ein til ein samtalar i pausen.

Debatten går i bygdene og det kan no hende at det er litt av kvart folk ønskjer å få sagt om saka og måten striden med Ørsta har vore handtert på.

Det er få fora for debatt som vanlege folk kan ta del i no. Og avisdebattane blir ofte mellom gjengangarar. Vi ønskjer å få opp ein skikkeleg samfunnsdebatt om viktige tema.

Vi tenkjer å halde fram med andre tema, f.eks. Kommunesamanslåing mellom Ulstein og Hareid.

Vi håper de finn dette interessant. Skal vi få til ein god debatt er vi avhenige av aktørar. Vi håper de kan hjelpe oss å gjere dette kjent.

1 kommentar:

  1. Hei!
    Koselig blogg du har- mye fine bilder du viser fra Budapest, dit vil jeg også :D

    Klem Anette :)

    SvarSlett