Snart ei veke sida sist eg blogga. Desembervekene forsvinn vel gjerne litt raskare enn andre veker i året?
Nei, det er egentlig ikkje tilfelle her, men veka har iallfall gått raskt forbi, som dei fleste andre veker i løpet av året…
I dag regnar det ute, men den siste veka har det kome mykje snø - stor honnør til brøytemannskapet! Dei gjer ein god jobb for å holde vegane opne for oss andre! Her er det onkel som pløger i grenda.
Brøytemannskapet får gjerne litt mykje pes, men dei gjer jo ein kjempejobb! Dei klarer berre ikkje å vere på alle plassar samtidig… Forståelig nok!
God helg til alle!
Eg er godt fornøgd med at det regnar, eg likar isfrie vegar best:) Dersom vi er heldige forsvinn all isen på vegen før det vert kaldt igjen. Alternativet er ultraglatt.... Jaja:)
SvarSlettDet går fryktelig fort i desember:)
Ej syns desembervekene går fortare enn andre veke, men det e kanskje forde en merka det meir på en måte. F.eks. blir kvar søndag markert med å tenne et nytt lys, og i mårga skal allerede tre lys skinne! En må berre henge me i svingane og nyte det på best mulig måte :)
SvarSlettJau, kanskje du har eit poeng med hurtigheita på desembervekene. Ikkje for det - dei aller fleste vekene ryk jo unna. Ganske skremande, eigentleg!
SvarSlettOg kveldane - dei korte kveldane... eg føler framleis ikkje nokon jole-panikk, men eg er nesten sikker på at den kjem til å dukke opp ;)
God natt, Annika, og god tredje adventssundag!