fredag, desember 24, 2010

Julestemning! ♥

I går var eg og mamma, og mange fleire på Julenattine i Ulstein kyrkje.

Utruleg mange flotte lokale solistar i år som tidlegare år, og absolutt verdt å få med seg. Hjelp også godt på julestemninga med flotte julesongar.

No er det jul i stova, treet er pynta, gåvene lagt på plass under treet, og vi ventar berre på “innrykk” av herlige gjestar. Velkomne til gards ♥

Legg ved ein video til ein flott julesong. Det var ikkje Rein Alexander som song denne i Ulstein kyrkje, men ein ung og lovande “opera-artist” frå Eiksund! Nydlig! Skulle ønske den versjonen var på YouTube Smilefjes som blunker

♥ GOD JUL! ♥

2 kommentarer:

  1. ...og kva heiter den unge og lovande frå Eiksund???

    Ynskjer deg og dine ei god julehøgtid, Annika!!!

    SvarSlett
  2. Håpar du og dine får ei retteleg god og fredeleg jolehelg, Annika!

    stor klem

    SvarSlett