lørdag, januar 15, 2011

Farvel Klara ♥

Eg har vore ein liten tur på Sørlandet. Eg skulle så inderlig ønske at grunnen var eit lystig besøk til ei nydlig jente. Dessverre var det for å ta eit siste farvel, til ei nydlig jente.

Bilda er frå 2008, då møtte eg Klara og Trico i anlednings pappas 60 års dag.

Ferie_vaar08 259

For tre år sidan skreiv eg eit innlegg på bloggen min om CF-råka Klara Dahle, som venta på svar om ho fekk kome på venteliste for nye lunger. Nye lunger måtte ho ha, for å ha ein sjanse til å forlenge livet nokre år.

Ho fekk kome på venteliste, og ho fekk nye lunger. Dessverre tolte ikkje kroppen hennar den kraftige infeksjonen ho fekk i ettertid av lungetransplantasjonen.

Ferie_vaar08 266

Klara døde 9. januar i år. 29 år gamal.

I går vart Klara gravlagd. Ein veldig trist dag, mange tårer, men også mykje latter og glede. Slik Klara ville ha det.

Eg er takknemlig for å få ha blitt kjent med Klara. Ho lærte oss så uendlig mykje, om livet, om å sette pris på kvardagen, og leve i dag.

Takka vere ein donor, fekk Klara ei muligheit til eit forlenga liv. Men bakteriane i kroppen var ikkje einig. Så urettferdig, så ung.

Ferie_vaar08 271

Farvel. Kvil i fred, kjære Klara ♥ Takk for alt du har lært oss! Du vil aldri bli gløymt, vil alltid fylgje oss i hjartet og i tankane.

---

Har du tatt stilling til organdonasjon? Om ikkje, vonar eg du vil lese om det på Stiftelsen Organdonasjon sine nettsider. Der kan du også skaffe deg donorkort

---

Oppdatert:

Eg gikk inn på innlegget eg skreiv om Klara for tre år sidan, utan å sjå på datoen. No ser eg at eg skreiv det 15. januar, nøyaktig tre år sidan i dag. Det var litt spesielt.

7 kommentarer: