fredag, april 22, 2011

Vår i lufta ♥

I dag skin sola frå ein skyfri himmel i Leite - og heilt sikkert mange andre stadar både på Sunnmøre og elles i landet, skal eg tru på statusoppdateringane til folk på Facebook.

IMG_1744

Vi var i Volda på onsdag, og var ein rask tur innom Plantasjen. Kjøpte denne (over) som kan pynte på trappa og gi litt ekstra vårstemning.

IMG_1745

Ein vakker stemorsblomst på trappa. Elles blomstrar krokusane i hagen no, og humlene har vakna til liv.

IMG_1746

Det er derimot ikkje alt gras som har blitt grønt endå…

IMG_1749

Men mesteparten - heldigvis!

IMG_1750

Er spent på om det kjem plommer på treet her i år. I fjor smakte ikkje dei særleg godt, men det er eit staseleg tre å sjå på likevel då… Sjølv om det sperrar litt av utsikta.

IMG_1751

Ser du humla i blomsten?

IMG_1751

Eit bedre utsnitt!

IMG_1627

Fortsatt god påske! I morgon skal vi til Øye å helse på Sugar igjen.

1 kommentar:

  1. Det har vore ein herleg vårdag her hjå oss òg, med ein tur på Plantasjen på veg heim frå svigers, og ellers litt hagearbeid. Blomar til det ny-gamle bedet er innkjøpt, og då vart inspirasjonen ekstra sterk :)

    Her hjå meg er verken krokusar eller gras kome særleg langt, men det er nesten så eg kan fylgje med på at det gror no når sola og varmen er så bra!

    Nyt påskehelga vidare!

    SvarSlett