I år har vi kjørt Sør-Noreg rundt. Første etappe var Sunnmøre-Bergen tysdag for snart to veker sidan.
Hadde ikkje kjørt lenge, før vi møtte regnet i Bjørkedalen.
Men sola kom raskt igjen, her litt blanding av sol og regn, på ferja over fjorden til Anda.
I Våtedalen var det både sol og eit ukjent antall geiter…
Då vi kom til vakre Skei i Jølster tok vi ein litt mindre vanleg vei til Bergen.
Vi kjørte nemleg via Sogndal, Vik i Sogn, Vikafjellet (bildet over og under), Voss og Evanger.
I Evanger hadde vi ein trivleg stopp hos blogge-Rosa, mann, born, nabojente og nydlige kattar.
Var veldig kjekt å sjå kor trivleg de hadde fått det i det eldre huset med sjarm! Tusen takk for både is og kosleg prat!
Utsikta frå trappa til Rosa. Kjekt å sjå mange kjente bloggebilder i verklegheita.
Tru det eller ei, men eg har tatt utruleg LITE bilder denne ferien. I Bergen var ikkje fotokamera ute av veska i det heile tatt… Litt dumt, men av og til blir det slik. Blei nokre mobilbilder då. Kjem seinare. Lyt fordele det litt utover i etapper
God måndag!
Ser ut som ein fin tur so langt. Kjekt med ei litt anna rute og tenker eg :)
SvarSlettKjekt med bilferie! Ej rett og slett ELSKA det! :D Vi lure på å kanskje ta en tur når vi kjem heim igjen, men vi veit ikkje enda.
SvarSlett