lørdag, september 10, 2011

Nye Hareid og levande bygder

Lesarinnlegg i Vikebladet laurdag 10. september.

Eg har med glede sett at det veks fram ein grasrotorganisasjon, “NYE HAREID” som vil noko meir i Hareid, som vil skape møteplassar, ha vekk jantelova og gjere det endå kjekkare å bu og leve i Hareid. Dette skaper optimisme, og dette kan vi som politikarar vere med å støtte opp om. Dette er ein del av det frivillige Hareid som er så viktig for at folk skal trivast i kommunen.

Den same grasrotrørsla såg vi då parken i sentrum og friidrettsbana vart laga av frivillige, vi ser det i det store, frivillige arbeidet som blir lagt ned i idrettslaga, kor, korps, grendelag, Hareidsstemna, Hjørungavågspelet, messa på Bigset, på Ishavsmuseet med meir. Folk brukar tid og ressursar på å gi andre ei oppleving og alle eit høve til å møtast.

Vi må ikkje berre helse velkomen slike initiativ, men også vere med på å legge til rette. Kvar grend i Hareid, inkludert sentrumskrinsen, må få ha hus og rom der dei kan samlast til ulike arrangement. Det er difor viktig at kommunen ikkje berre tenkjer kortsiktig sparing eller utlegg når det skal avgjerast kva fasilitetar som skal stillast til disposisjon i bygdene. Det må både aktivt leggast til rette for hus og møtestadar og kommunen må hjelpe til så langt den kan for at dei frivillige skal kunne arrangere og drive det utruleg viktige arbeidet dei driv!

Kvar krone sett inn i eit frivillig arbeid kjem ut att med mange hundre prosent rente!

Annika Brandal
2. kandidat for Hareid Venstre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar