Viser innlegg med etiketten POLITIKK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten POLITIKK. Vis alle innlegg

lørdag, september 10, 2011

Nye Hareid og levande bygder

Lesarinnlegg i Vikebladet laurdag 10. september.

Eg har med glede sett at det veks fram ein grasrotorganisasjon, “NYE HAREID” som vil noko meir i Hareid, som vil skape møteplassar, ha vekk jantelova og gjere det endå kjekkare å bu og leve i Hareid. Dette skaper optimisme, og dette kan vi som politikarar vere med å støtte opp om. Dette er ein del av det frivillige Hareid som er så viktig for at folk skal trivast i kommunen.

Den same grasrotrørsla såg vi då parken i sentrum og friidrettsbana vart laga av frivillige, vi ser det i det store, frivillige arbeidet som blir lagt ned i idrettslaga, kor, korps, grendelag, Hareidsstemna, Hjørungavågspelet, messa på Bigset, på Ishavsmuseet med meir. Folk brukar tid og ressursar på å gi andre ei oppleving og alle eit høve til å møtast.

Vi må ikkje berre helse velkomen slike initiativ, men også vere med på å legge til rette. Kvar grend i Hareid, inkludert sentrumskrinsen, må få ha hus og rom der dei kan samlast til ulike arrangement. Det er difor viktig at kommunen ikkje berre tenkjer kortsiktig sparing eller utlegg når det skal avgjerast kva fasilitetar som skal stillast til disposisjon i bygdene. Det må både aktivt leggast til rette for hus og møtestadar og kommunen må hjelpe til så langt den kan for at dei frivillige skal kunne arrangere og drive det utruleg viktige arbeidet dei driv!

Kvar krone sett inn i eit frivillig arbeid kjem ut att med mange hundre prosent rente!

Annika Brandal
2. kandidat for Hareid Venstre

mandag, februar 21, 2011

Avgårde igjen…

Eg og Mitzi har hatt kvalitetsstund på sofaen. Sindre jobbar på kinoen i dag. Mykje film no etter digitaliseringa. Eg skal avgårde på møte.

IMG341-red

Det er kommune- og fylkestingsval i år, og vi går mot ei veldig spennande periode her på Hareidlandet. Blir det kommunesamanslåing i løpet av denne perioda? Eg håpar (og trur) det… Så eg klarer ikkje heilt å legge vekk politikken endå.

No står møte i programnemnda for tur. Har du innspel til saker vi bør ha med i programmet vårt for dei fire neste åra? Send meg gjerne ein e-post! Fjorårets program og brosjyre finn du i venstremargen på sida her.

Ha ein strålande måndagskveld!

onsdag, februar 02, 2011

Gratulerer, Stian!

I dag presenterte Vikebladet ordførarkandidaten til Arbeiderpartiet i Hareid. Eg har rett nok hatt ein mistanke sidan i haust, men ikkje vore sikker.

image

Stian Runne Brandal, sambygding og god kollega i frivillige lag i Brandal (ja, vi har faktisk opp til fleire!) står på topp til Arbeiderpartiet si liste til kommunevalet til hausten. No er vi rett nok ikkje partikollega eg og Stian, men partia samarbeider godt! Dette kan bli spennande Smilefjes 

Gratulerer, Stian - og lukke til!

PS! Du får ikkje lov å droppe verva dine i Brandal, uansett - altså!