fredag, januar 06, 2012

Bilberging og innelåst på rådhuset

Starten på denne veka var fin…

Måndag var eg ute eit ærend på jobb, med bil. Nesten tilbake til rådhuset, hosta bilen ut enorme mengder eksos eller røyk, så store mengder at eg var sikker på bilen stod i brann! For å gjere ei lang historie kort, visste det seg heldigvis at bilen berre hosta litt i kulden, og alt var fint. Bilberginga vart avblåst.

Dagen etter blei det lang dag på kontoret. Når klokka bikka 18.20 fann eg ut det var på tide å kome seg heim, og akkurat då innsåg eg at jobbnøklen min låg i bilen. Eg kom ut i gangen, og fekk bange anelsar. Der var heilt mørkt. Og jauda, ganske korrekt, ytterdøra var låst. Der er ingen vindu som går an å krype ut heller. Og mobilen min låg også i bilen, ergo hadde eg kun nummera eg huska i hovudet å ringe – frå skranketelefonen. Eg var heldig – teknisk vakt Harald redda meg etter berre 1 minutt etter han fekk beskjed. Eg hadde rett nok prøvd to kollegaer først, så eg venta kanskje 7 minutt til saman, men ingen skade skjedd! Berre ei morsom historie.

IMG_4671

Dei to neste dagane har gått bedre, to fine kvardagar. Og i dag har eg vore på planleggingsmøte for jubileumsåret til Ishavsskuta Aarvak som fyller 100 år i år. Det ligg an til eit fint år! Både for Ishavsskuta Aarvak og elles for Brandal/Moltu Riisøen!

Men no, litt søvn!

God fredag!

2 kommentarer:

  1. Ikkje nok med Dagmar? Du fikk jammen litt " dramatikk" etterpå også :-))) Noen dagar går berre ting litt på skeivå... Godt Nyttår forresten. vi sjåast :-))) Klem Sølvi

    SvarSlett
  2. Hei og takk for kommentar på bloggen min! Når det gjeld hus så har vi hatt nokre trasige år med eit hus som har vore på halv åtte og som kommuna har vore treige med å gi oss løyve til å bygge på.

    Vi skulle i utgangspunktet bygge på det gamle huset, i tillegg til å renovere det gamle. Men etter å ha gått nokre runder med oss sjølve, har vi kome fram til at det beste er å rive gamlehuset og bygge nytt. Faktisk så viser det seg at det vert betydeleg dyrare med renovering/påbygg enn å bygge nytt. I tillegg til at huset er i dårleg forfatning (røysverk, murar, grunn etc), så sig huset pga at grunnarbeid ikkje var prioritert den gong huset vart bygt. Huset er frå 1938 og bygt opp av det dei måtte finne av fjøler, kapp og restar rundt om kring. M.a. har dei brukt gamle ski (!) som ein del av bjelkelaget. Det er for så vidt både interessant og artig! Så no går vi eit spennande år i møte....

    SvarSlett