søndag, januar 01, 2012

Godt nytt år!

Då er både jula, min 30 års dag og heile 2011 over!

2011-12-31 23.59.41

Vi hadde ei stille og rolig feiring av det nye året, heime i Leite, saman med mamma og foreldra til Sindre. Mamma reiste heim for å vere saman med Mons (pus) ei stund før midnatt.

Når klokka vart 24.00 hadde vi panoramautsikt både over Brandal og over til Ålesund.

2011-12-31 17.57.11

Dagen før nyttårsafta fylte eg 30, og feira med familie på Pakkhuset.

2011-12-31 17.57.15

Tusen takk for ein kjekk dag, og alle gratulasjonar! Har fått så utruleg mykje flotte gåver, og blant anna ein del av servise, som vi fekk teste på nyttårsafta.

2011-12-31 17.57.28

No ventar kvardagen igjen. Det er vel best å få litt søvn i kroppen, og snu døgnet til normalen igjen!

Godt nytt år! Og god veke til alle :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar