mandag, april 09, 2012

Påska 2012

1-2-3 – vips – så er påska over for i år!

2012-04-01 12.18.05

Palmehelga starta med snø, og meir snø kom det utover veka. Men likevel mildver no, så det er bare vegar, og kvite markar.

På Flo & Fjøre er det nye utstillarar i april, og ein av dei er med quliting, av søskenbarnet mitt og tanta mi.

2012-04-01 12.58.13

Vil du sjå meir av produkta, kan du besøke bloggen til Annkas Syrom eller Facebook-sida hennar. Nokre av produkta er det Inger Lilleås Brandal som har sydd, og resten er det Annka Rovde som har sydd.

2012-04-01 14.34.13

Blir aldri lei av utsikta vår, Breisundet byr på mykje “ver”.

2012-04-02 08.49.15

Påska har blitt brukt til litt husrydding, mykje besøk og avslapping. Kunne gjerne hatt ei veke til med påskefri – men, sånn er det vel alltid!

2012-04-05 16.34.21

Påskestemning på Flo & Fjøre!

2012-04-06 14.44.01

Det nærmar seg også overtakelse på huset. Her er noko av vår nye utsikt, tatt frå terassa. Vi gler oss til å kome i orden der nede!

Om du vil fylle med litt meir på kvardagen i bilder, kan du få lesetilgong til http://annikasifotodagbok.blogspot.com/ Gi meg isofall eit vink :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar