tirsdag, juli 03, 2012

Søppelhandtering

I den seinare tid har det stått omtalt om søppel som flyt rundt om i kommunane våre. Eit trist syn!

Nokon har slengt frå seg bossekker og asfaltrestar på parkeringsplassen på Hareidseidet.<br />Foto: Ingvild Aursøy MÃ¥seide
Bilde lånt frå Vikebladet sin artikkel her (link).

Eg blei glad når eg såg dette initiativet: Ryddeaksjon på Eidet – men det skal ikkje vere slik!

Renovasjon ligg under næring- og miljøutvalet i Hareid (poltisk organ). Derfor har næring- og miljøutvalet sendt over dette brevet til administrasjonen, etter initiativ frå meg:
Med bakgrunn i problema med søppel ved greinavfallsplassen på Hareid, og generell dumping av søppel rundt om i naturen i kommunen, samt rot kring glasigloar og klescontainarar ser Næring- og miljøutvalet det som naudsynt å gjere noko med saka.

NMU ser på fleire alternativ som bør sjåast nærmare på:
  • Innarbeiding av kostnaden for levering av grovavfall i renovasjonsavgifta
  • Miljøstasjonar i større skala, jf Klimaplan for Hareid kommune (side 36)
  • Årleg tidsavgrensa utplassering av containerar på bygdene for innsamling av forskjellige fraksjonar avfall, jf Klimaplan for Hareid kommune (side 34)
  • Informasjonstiltak, jf Klimaplan for Hareid kommune (side 34)

 

Innarbeiding av kostnaden for levering av grovavfall i renovasjonsavgifta
I fleire andre kommuner har reinhaldsverka innarbeidd kostnaden med levering av grovavfall i renovasjonsavgifta. Det er ikkje til å kome forbi at ein av grunnane til dumping i naturen er kostnaden for levering ved grovavfallsplassen. Om abonnentane alt har betalt for levering ved mottaket, er det grunn til å tru at dei fleste vil levere der.
Ein annan vesentleg faktor er opningstider - og informasjon om desse. Opningstidene er no bedra vesentleg i Saunesmarka. Utfordringa er å nå ut med den informasjonen.

Miljøstasjonar i større skala
Glasigloane og klescontainarane i kommunen har den siste tida vore overfylte, og det har vore til tider mykje rot i området rundt desse. Fleire stadar er det etablert miljøstasjonar der desse er samla innanfor eit overbygg som blir avlåst på nattestid og holdt dagleg tilsyn med, til dømes av frivillige (koordinert av til dømes Frivilligsentralen). I Klimaplanen til Hareid kommune heiter det: "Krevje at alle stasjonar for resirkulering er å finne på ein og same stad, og at området dei står på, ikkje ser ut som ein søppelplass." (s. 36). Underteikna sat i arbeidsgruppa for klimaplanen, og det var miljøstasjonar liknande Ålesund kommune sine som her var tenkt på.

Årleg tidsavgrensa utplassering av containerar på bygdene for innsamling av forskjellige fraksjonar avfallTiltak vedtatt i Klimaplanen for Hareid kommune, som endå ikkje er gjennomført. Tanken her var at dette skal det vere dekning for i renovasjonsgebyret til abonnentane,, og dette skal vere eit gratis tilbod for innbyggarane. Containarane plasserast ut i bygdene til dømes i ei veke, og tømast ved behov i løpet av den tida. Volda og Ørsta Reinhaldsverk har god erfaring med dette tilbodet.

Informasjonstiltak
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk har no fått tilsett informasjonskonsulent, og det er heilt klart at informasjonen ut no har blitt endå bedre. Men fortsatt har vi ein veg å gå. Når vi veit at mykje av den dumpa søpla rundt omkring i kommunane er kvitevarer, som ein kan levere gratis ved alle som sel kvitevarer, samt SSR, er det nærliggande å tru at det fortsatt er mange som ikkje veit dette.

---

Først og fremst er det viktig for miljøet at det ikkje blir dumpa søppel rundt om i naturen, og for sikkerheita til menneske og dyr - men også er det viktig for trivselen vår at vi held naturen vår rein.

NMU ber administrasjonen/SSR sjå nærmare på dei foreslåtte tiltaka, og sjå på muligheita for å innføre desse i løpet av 2013.

Tiltaka bør gjelde for alle dei fire kommunane på Ytre Søre. Tiltaka henta frå klimaplanen er truleg liknande for kommunane.

Næring og miljøutvalet i Hareid, 28. juni 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar