lørdag, juni 30, 2012

Fantastiske hjorten

Noko av det vi garantert kjem til å sjå sjeldnare nede i Øvstevegen er hjorten. Ein morgon eg kom ut i gangen i Leite møtte dette synet meg oppom huset.

(Ja, eg er svak for hjort!)

2012-06-06 08.50.10

Ved første augekast ser det ut som seks stykk, men etterkvart oppdaga eg at oppe i midten står dei to tett i tett, så her er sju.

IMG_6066

Sju flotte dyr som får seg frukost!

IMG_6068

Men så oppdagar eg brått – der er NI stykk! Åtte vaksne og ein kalv! For eit flott syn :)

Dessverre syns ikkje dei eg er like kjekk som eg syns dei er flotte, så det tok ikkje lange stunda før dei forsvant inni skogen.

1 kommentar: