tirsdag, januar 01, 2013

Godt nytt år, og jula vår!

31.12.2012

Då er årets siste dag her! Vi sløvar på sofaen mette og god etter ein nydlig middag, og ventar på 2013! Eg nyttar høve til ei lita “oppussing” på bloggen, i håp om at den blir litt ryddigare, og med plass til litt større bilder i innlegga. Dei gamle innlegga blir ikkje oppdatert bildestorleik på, men satsar på dei nye vert ok.

20121222_144354

Vi kan sjå tilbake på ei fin julefeiring i eige hus, men eg syns dagane har gått litt vel fort!

Vi fekk opp juletreet laurdag 22. desember, til stor glede for kattane. Dei var til topps begge to, både ein og tre gongar. Men no har dei etterkvart skjønt at det verken er lurt eller lov.

20121223_205757

På kvelden lisje-lisje-julafta var eg og mamma på Julenattine i Ulstein kyrkje. Det var ei fin stund, og har egentlig blitt ein fin tradisjon før jul no.

20121222_231821

Vi sat langt bake, så det vart ikkje noko kvalitet på bilda. Men lyden var det uansett ikkje noko å seie på. Mykje dyktige musikkfolk med her!

20121224_001235

Treet vårt, ferdig pynta, med litt av pakkane under. Vi var fem vaksne her, og mange flotte pakkar!

20121224_003324

Pippi vokta pakkar, tre og leike.

20121224_003525

20121224_114211

Pippi og Bjørk fekk også julegåve, og i likheit med born flest, var det innpakninga som var mest spennande ;)

20121224_162523

Pippi syns godt ho kunne fått ein pakke til!

20121224_150050

Vi var fem til bords på julafta, og etter middagen var eg ein snartur til naboen.

Julenissen i Øvstevegen.

1. juledag var eg i Skollebakken Aktivitetshus, og forberedte “Julekveld for alle” (info på linken). Det vart ein veldig vellukka dag, og kjekt å få vere med på. Eg var der berre fram til maten skulle serverast, slik at eg også rakk å feire bursdagen til søskenbarn Hilde.

---

01.01.2013

Og så langt rakk eg å skrive, før klokka nærma seg såpass midnatt, at det var på tide å benke seg ute for å sjå på fyrverkeriet. No skriv vi 1. nyttårsdag 2013!

---

20121230_014710

Hardt å vere julekatt!

20121230_014718

Dette teppet har blitt ein av favorittplassane i jula, og det vises på teppet – fullt av kattehår, sjølv om vi har støvsuga. Jaja.

20121230_164314

6. juledag/i forgårs fylte eg år. Hadde familie på besøk på tidleg ettermiddag, før eg var på klassisk romjulskonsert med Bror Magnus Tødenes på Sjøborg. Merk dokke det namnet! Vi kjem til å høyre meir frå den karen opp igjennom! Han har også akkurat gitt ut cd, og den anbefalast om du har sansen for klassisk musikk.

20121230_164306

Etter konserten var det klart for surpriseparty for Stian, som var 30 same dag. Og vi klarte altså å overraske han. Kjempeartig!

20121231_182937

Nyttårsafta feira vi heime, med nyttårsmiddag saman med mamma, og som sagt, kiking på fyrverkeriet, frå verandaen.

20121231_235612

20121231_235626

GODT NYTT ÅR!

3 kommentarer: