torsdag, mars 15, 2007

Eiksundtunnellen

I går var eg og Liv Jorunn med Per Ove inni Eiksundtunnellen. Det var bekmørkt, og då meinar eg Bekmørkt med stor B! Så vi hadde problem med å finne veien ned til brua, og eg fekk nok ikkje det store inntrykket av brua, anna enn at den var litt humpete akkurat no, eit breidt gangfelt og eit fint, blått rekkverk.

Annika: "Hmm, det føles som vi kjøre rett mot sjøen"
Liv Jorunn: "Øøøh, Annika, du GJER det...!"

Fekk heller ikkje det store inntrykket av Eika, der var mange brakker og grushaugar, og eit svart hol:p Det var vel det eg såg.

Liv Jorunn har jo vore der opptil fleire gangar før, faktisk testa heile veien, men for meg var det første gang både over brua, på Eika og inni den undersjøiske tunnellen. For nokre dimensjonar - både med fjell og for nokre svære maskiner inni der, for ikkje å snakke om kor mange...!

Per Ove kjørte lastebil på kveldsskiftet. Grus frå utsida og inni tunnellen. Eg har jo fleipa med at eg aldri skal gjennom den lange tunnellen der, men det var ikkje noko skummelt å vere inni den iallfall. Eg blei egentleg berre fascinert. Det blir svært når sambandet er klart til opning, sjølv om det blir trist at ferja forsvinn.

Då vi skulle gå frå lastebilen til min bil igjen, fekk eg meg eit realt gjørmebad... Det var så gjørmete der, at eine skoen min sat fast. Og når eg stod der å hinka på eit bein i gjørma, flirte godt, og prøvde å peike til Liv Jorunn kor skoen min hadde tatt vegen, samtidig prøve å komme oss vekk frå ein lastebil, enda eg opp med eit plask i gjørma. Føltes ut som eg hadde eit tonn med gjørme over heile meg, men når vi kom bort til bilen såg eg at det var ikkje så ille. Så eg fekk berre litt skrubbsår, litt ekstra sand til Brandal, og ikkje minst ein god-god latter:)

Tok nokre bilder inne i tunnellen, men har glømt kameraledninga i dag... Har ikkje fått sett på korleis dei blei då, tvilar på det var noko særleg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar