fredag, mai 29, 2009

Tiddelidu!

Brått var vi komt til ei ny helg, og eg kan sjå tilbake på ei veke med influensa – endå ein gong. Derav lite blogging – igjen ;o)

Eg trudde det var heilt feil då eg vakna tysdag morgon med sår hals – eg kunne ikkje ha blitt sjuk igjen, berre to veker sidan sist eg var sjuk, så var det nok berre litt “morgongrums” tenkte eg.

imageEtter eit par timar på jobb, hadde eg legetime grunna ei vond hand, og var innstilt på å returnere på jobb rett etter. Og det gjorde eg også, med ei sjukmelding i handa og feber snikande på, blei det ein kort tur, for å avslutte dagen…

Senebetennelse i høgrehanda, streptokokkar i halsen og stigande feber, det var berre å finne pleddet og sofaen, resten av dagen sov eg.

image

No får eg håpe vi har fått vår porsjon med influensa her i huset for ei god stund framover. Sambo har også vore sjuk, i over ei veke. Eg er fortsatt litt “dett i dasa”, men både hand og hals er heldigvis mykje bedre :o)

GOD (OG FRISK) HELG TIL ALLE! No skimtar eg sola:o)

PS. Bilda har eg lånt, link til bilda ved å klikke på bilda.

4 kommentarer:

  1. Huff. Dette var trasig. Håpa du kjem deg fort igjen.
    Skal du til Volda i helga? Eg har lagt av hjertet til deg. Send meg mail så får du tlf nr mitt hvis vi skal avtale noke. anna_ice73@hotmail.com
    Ha en fin kveld
    Klem

    SvarSlett
  2. Nei kor KJEDELIG!!!!!
    God bedring, håpe både hand og hals blir raskt bra igjen!

    SvarSlett
  3. usj, no får me håpe de held deko friske ei heil stund, og kan nyte godvèr og pinsehelg!

    SvarSlett