mandag, mars 19, 2007

Stagedolls-konsert og klubbstemne

Så var helga over, ei roleg og kjekk helg. Fredag rydda eg og vaska hus, men sovna tidleg på sofaen. Vakna kl 05.30 av fotballkamp - Mitzi sprang elegant over stuegolvet, og hadde nokre imponerande taklingar - med seg sjølv. Phoebe låg på ein klehaug å heia:p

Laurdag var mamma til middag, før eg satte nasa mot Volda til Sverre og Hilde. Var på Stagedollskonsert på Vikingfjord. Bra med folk, men trur ikkje det var utsolgt. Konserten var bra den - har vore på både bedre og verre;o)

Søndag var det klubbstemne på Solvollen.
Eg kom for seint til å få med meg sprangen, men rakk akkurat gymkhanaen, samt høgdehoppinga -> Ragnhild og Janko som hoppar 115 cm. Fleire bilder frå stemne ligg her, og fleire bilder kjem.

Det var, som det vise på bildet også, strålande sol, og ganske så vår/sommar-stemning i går, men i dag våkna eg til heilt kvitt. Det har nok snøa 4-5 cm i natt, og det ser dessverre ikkje ut som sola har tenkt å titte fram heller i dag. Men etter ei veke med berre regn, er det deilig å sjå litt anna ver, uansett kva det er;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar