søndag, februar 24, 2008

Jobbekveld og landfaste

Fredag kveld var eg på Vikingen. Der var jamn straum med ungdommar, kjekke og snilde ungdommar:o) Jobba saman med Vivian for første gong, det var kosleg.

Laurdag var det endleg klart for offisiell opning av Eiksundssambandet, og vi er no LANDFASTE! Vi var ikkje på noko markering, brukte dagen heime, slappa av, rydda litt her og der, og sendte pakke til Dan Rene, som fyller år på mandag.

Søndag testa vi ut sambandet for første gang. Prøvde å overbevise meg sjølv om at det var berre teit osv, ikkje tidsbesparande og i det heile, men jammen tid for så flott! No kan vi suse oss til Volda på ein liten time, frå Brandal, utan å tenke på ferjekrøll osv. Var nok mange som testa ut sambandet i løpet av helga ja. Gler meg til å bruke det fleire gangar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar