mandag, februar 18, 2008

Meir kino, UKM og kino


Vips, så var det ny veke, og sikkert snart helg igjen også! Torsdag og fredag gikk med til å forberede Ungdommens Kulturmønstring, jobba overtid.

Laurdag tok eg med Julie og Marta på kino. Marta var på kino for første gang, trur det fall i smak. Filmen var søt den, dubba til norsk, slik at den passa for dei minste. Litt spesielt å sjå engelsktalande dubba til norsk... Men det gikk no greit etterkvart:o)

Søndag var det duka for Ungdommens Kulturmønstring på Sjøborg, så eg var på jobb heile dagen. Det vart ei flott mønstring, med mykje og variert program og utstilling. Les meir på www.ulstein.kommune.no og www.vikebladet.no. Eg avslutta kvelden med å sjå filmen Jumper på kinoen. Anbefalast. www.sjoborg.no
Men no er det natta her.

Ja, ein ting til - eg og Marte VANT i bowling i dag!! Skulle gjerne sagt at vi knuste motstandaren, men etter tre omgangar, der vi spelte 1,5 spelar kvar, dabba resultatet litt, men vi VANT!


GOD NATT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar