lørdag, mars 15, 2008

Bokstavleg talt drittjobb!

Neida, eg skal ikkje illustrere drittjobben, med noko bilde, men det hadde i såfall blitt eit bilde av meg, to stk blide Vikingen-tilsette og to stk huseigarar i fullt arbeid med å rydde ut frå bakromma på Vikingen...

Det blei ingen husarbeid vidare på meg i kveld, nemleg, for eg måtte rykke ut på jobb. Der hadde det vore lekkasje + at avløpa var gått tette, eller kummen tett utføre, så alt kom inn igjen i huset, og då opp slukane. HERLEG! Ei lukt som ikkje høver seg som parfyme iallfall.
Men om ikkje anna fekk vi iallfall no rydda begge bakromma/kontor + vaskerom, noko som skulle vore gjort lenge! No står alt inne i lokalet, men det må sorterast, kastast mykje, og ryddast på plass noko.
Må få vaska ned romma, og det er sikkert ikkje nokon kjekk jobb, men ein ting er iallfall sikkert, det skal ikkje vi gjere. Det er det vi har sånne smarte firma til å gjere ;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar