fredag, mars 14, 2008

Helg - og snart påske!


Med så mange klikk på bloggen (sjå til høgre), får eg nesten litt prestasjonsangst, og føler også at eg bør oppdatere her litt bedre enn eg har gjort den siste veka...

Sit i sofaen, med eit halvt auge på tven, som ikkje vil gi meg lyd, og 1,5 auge på pcen. Men planen er egentlig å gjere husarbeid. Så må vel fortsette litt omsider. Har laga påskeegg då, iallfall, så får eg satse på at Sindre er nøgd med innholdet, som er både etande og ikkje-etande, men nyttig. Satsar på at Sindre ikkje les her, han gløymer berre denne bloggen:p

Sindre er forresten på jobb han, to Norgespremierer på Sjøborg kino i kveld. http://www.sjoborg.no/ - ta deg ein tur innom!


Ser på bloggen min at eg har jo ikkje skreve her for heile mars omtrent, berre sånn raske innlegg, og bildeinnlegg, men dei er sikkert vel så spennande dei. Spennande - jo, nokon må jo syns bloggen er litt ok, sidan dokke faktisk kjem igjen?... Kjekt det:)

No kallar huset igjen, arbeidslysta prøver å snike seg fram så vidt, så eg skal sjå om ikkje eg får leita fram litt påske osv. Så kanskje det kjem litt fleire ord på bloggen her seinare i kveld...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar