fredag, april 11, 2008

Bloggeferie?

Har vore litt sløv siste veka å blogge... Fy på seg...
Det er vel ofte slik, i rykk og napp.

No er det fredag, sola skin ute, og eg sit på kontoret med vinduaget på gløtt, så eg får litt frisk luft. Hører på trafikken, fuglekvitter og -skrik, og gler meg til eg kan vende nasa heimover. Huset er rydda for helga, så då kan vi heller nyte fineveret:o)

Katteluka knakk for n'te gang onsdag, og no ville den ikkje limast heller - eller dvs den blei fantastisk skeiv pga mykje lim frå kvar gang den har blitt limt, så den går ikkje igjen. Så no har eg kjøpt ny, og lurer på korleis eg kan få montert den. Det går an å håpe stort at den er nøyaktig same mål som den gamle. Dei hadde nemlig ikkje samme merke... Vi får sjå om det vert litt Petter Smart tendensar i ettermiddag. Og Sindre - du skal skrue kommode - ok? ;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar