Det forsvant opp i røyk, både gammalt hagegjerde, litt anna rusk og eit par halvdaude tre. Dødt og gult gras fekk samme skjebne. Men kameraet blei holdt innandørs, saman med Mitzi, så ingenting blei foreviga i går.
Vi er iallfall x antal meter rote hagegjerde fattigare. Det var godt å få det vekk. Og eg er veldig imponert over at det i det heile tatt brann, så vått som enkelte av tinga var! *good work*
I tillegg er blomsterbeddet ved inngangen nokre trillebårlass fattigare med jord, men det skal få tilbake ny og frisk jord, forhåpentligvis utan alt ugras og anna rart gras ;o)
Og folkens - DET ER VÅR! Og fem dagar att til ferie:o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar