mandag, april 21, 2008

Kristiansand og pappa 60 år!

Vi satt oss på flyet fredags morgon, og alt var meir enn i rute. Vi landa i Oslo fem minutt før tida, og heile 10-12 minutt før i Kristiansand, der pappa stod klar for å ta imot oss. Anja med heile familia kom kjørande fredag kveld, så gikk helga slag i slag.

Jubilanten blei feira laurdag, med både hestetur (tøft gjort av pappa!), god mat, drikke og kaker! Søndag reiste Anja & co tidleg, og vi var to turar på Fiskebrygga. Møtte Marit og Øystein ein snartur, og tok årets første utepils saman med pappa og Eva. Der var redningsaksjon av ein hund også medan vi var der. Heldigvis fekk vi sett den lykklige hunden, så alt gikk bra:)

Photobucket
Photobucket

Det har vore ei kjempekosleg helg attme alle saman.


Epona, Klara og Trico
Pappa har fortalt meg om det flotte hestesenteret Epona ut med Sørlandsparken. Der står Klara sin Trico (frå EO-forumet) oppstalla også, så eg kamuflerte ønske mitt om eit besøk ut dit, til å bl.a. helse på Klara. Både pappa, Sindre, Anja, Kai, Jane og Dan Renè blei med ut for å sjå på hestane og senteret, men pappa visste ikkje kva meir som følgde med... Men han tok utfordringa på strak arm, og eg trur faktisk han syns det var litt kjekt også. Hesten var vel omtrent 1,70 høg, men han var nok ein av dei snildaste på stallen! Ein annan snill firbeint, var Trico. Det var kjempekosleg å få møtt både Klara og Trico, så takk for at du tok deg tid, Klara :o)

Photobucket
Photobucket


2 kommentarer:

  1. Møtet var absolutt gjensidig hyggelig. Neste gang håper jeg du har litt bedre tid. Kanskje det kunne friste med en skritte tur på en hest som har vunnet gull i OL i handikapp riding lag... (jada, friste friste, må jo lokke med noe).

    SvarSlett
  2. Det hørtes nesten for skummelt ut! Men absolutt, neste gang håper eg at eg har bedre tid. Håper det vert ein tur sørover i løpet av sommaren, og då har eg absolutt lyst til å få skravla litt meir osv:) Og gjerne hesta litt også!

    SvarSlett