mandag, april 28, 2008

PARIS! PAAARIS!!

Denne bloggen trur eg blir lang. Har ikkje heilt bestemt meg om det var best å skrive ein lang, eller dele opp dag for dag, så det blei ein lang i første omgang iallfall;o)

Måndag reiste vi vidare frå Kristiansand, via Oslo til Paris. Flyet til Paris var nokre minutt forsinka, men då gjorde det ingenting. Vel framme på Orly flyplass, fann vi etterkvart ein drosjesjåfør som tok sjansen på å leite opp hotellet vårt, sjølv om han ikkje kunne eit ord engelsk, og ikkje visste kor hotellet var, men han fann fram likevel:) Vi fekk sjekka inn på hotellet, eit stort, flott og fint hotell, og det samme var rommet. Gikk oss ein lita runde på kvelden, og fann ein italiensk restaurant, så vi fekk oss litt spaghetti og husets vin;o)

Photobucket

Photobucket



Tour de Eiffel

Tysdag starta vi med å traske litt i retning Eiffeltårnet. Vi fann oss ein buss, og den gikk bortover, så vips, så var vi ved tårnet. D.... det var høgt! Men når vi først var der, måtte vi jo oppi, iallfall eit stykke, tenkte eg. Sindre hadde nok lyst til topps. Eg var meir skeptisk. 321 meter høgt jo! HØGT! Men det var ikkje berre høgt, det var enormt. Gedigent! Og det var egentlig køa til å ta heis opp også. Så vi stilte oss i kø for å gå trappene opp til første (og andre) platå. Den var ikkje såå lang. Overkomleg. Så traska vi opp. 360 trinn lenger oppe, var vi oppe på første platå. Og eg syns det var høgt nok. Hehe. Men så fann vi billettautomat, og fekk kjøpt billettar til heisa, så gikk eg med på andre platå. Då var vi iallfall høgt nok oppe. Men vips så var vi i toppen. Og det var KULT! Vi har vore i toppen av Eiffeltårnet! JEEEJ!



Photobucket



Photobucket



Photobucket



Photobucket



L'Open Tours Paris

Etter nokre (!) minutt i kø både her og der, var vi vel nede på bakken igjen, og begynte å bli klar for å komme tilbake til hotellet. Men så såg vi ein sightseeing-buss, og hoppa på denne. Den kjørte på kryss og tvers i Paris i to timar, innom alle dei kjente turistplassane, og stoppa elegant opp, slik at vi knipseglade fekk foreviga alt. Vi hoppa av ved triumfbuen, og vandra litt derfrå. Fann oss ein fin kafe å ete på, men ikkje prøv entrecote der... Huskar ikkje namnet då, men, den hadde mindre fjonge lilla stolar. Anbefalar heller pasta. Deretter testa vi metroen tilbake til hotellet, og vi fann fram :o) Etter ein liten tur på franprix, sovna eg tidleg, medan Sindre drakk øl;o)


Photobucket



Photobucket



M for Metro

Onsdag tenkte vi at vi skulle vandre litt i butikkar, og tidleg tilbake til hotellet for å slappe av, og kanskje bade. Men før vi kunne bade, måtte Sindre finne shorts i ein butikk...Vi testa ut metroen også i dag, og fann ein stor marknadsplass, med både fisk, kjøt, bakevarer, kle, smykker, grønsaker, sko, vesker, you name it. Men shorts? Nei!

Etter eit par timar med vandring, "gikk vi oss på" Eiffeltårnet igjen, og fann ut det var på tide å finne metroen, slik at vi kunne finne litt meir butikkar ein annan stad (som vi hadde fått opplyst av hotellinfoen før vi labba ut). Flinke turistar som vi er, leita vi opp kart, orienterte oss, og gikk etter nærmaste Metro, som merka på kartet, utan å finne nokon nedgang. Så gikk vi til neste, sidan vi fann ut vi hadde gått forbi. Heller ikkje her fann vi skilt. På vei til tredje avmerka M på kartet, fann Sindre ut at han skulle sjekke kva M'ane på kartet faktisk stod for. Vi kan herved fortelle alle komande turistar i Paris: Det er mange flotte museum rundt omkring! M kan altså også stå for MUSEUM! Vi fikk oss iallfall ein god latter:o) (til vårt "forsvar" står M i kartboka for Metro... men vi fikk med oss kart frå hotellet denne dagen, og her var det annleis)

Så fann vi nærmaste Metro-stasjon, og fann kjøpesenter, som vi hadde leita etter heile dagen. Då fann også Sindre seg hawaii-shorts:p Samt ein time med kø, som han hadde lengta etter frå gårsdagen!


Photobucket



Photobucket

Heftige smakar på hotellet
På kvelden tok vi oss ein tur i hotellrestauranten, og fekk oss nokon interessante smaksopplevelsar! Til hovudrett spiste vi seig entrecote med potetstappe, men kjøtet var bedre enn dagen før, og fullt etande. Resten var godt :o) Men eg gler meg til å kunne lage skikkleg middag heime! Til dessert fekk vi is med diverse bær til. Og her var det dei heftige smakane kjem inni bildet. Eg håper ingen såg på meg medan eg åt! Surt, søtt, bæskt, søtt, kaldt, sørt... Godt? Tja. Vi klarer ikkje heilt å bestemme oss, men definitivt verdt å prøve ;o) Sjølv om det ikkje er noko eg ville ha ete kvar dag.

Bading utan shorts
Etter å ha tråla hit og dit i Paris i onsdag for å finne shorts til Sindre, tenkte vi å teste ut badebassenget på hotellet torsdag morgon, sidan det ikkje blei noko av på onsdag. Først måtte vi snu tilbake på rommet for å hente rett kort, slik at vi hadde adgang, samt at vi helst burde komme i badekåpe.

Photobucket

Men når vi då kom opp igjen, var vi klar til ein forfriskande symjetur. Sindre var rask uti, og like raskt jaga på land att! Det var nemleg ikkje lov å bade med shorts. Den var beregna for "the beach" kunne badevakta fortelle. Så då var vi like langt. Vi hadde leita etter shorts heilt "vekkasta". Men badevakta visste heldigvis råd då, sjølv om han kun kunne sju ord engelsk... Først trudde eg han meinte at Sindre skulle klippe av shortsen, men han kom med ei badebukse for utlån, så vi fekk no bada likevel.


No har vi akkurat komt inn igjen frå ei runde i park, byggeplassar, fortauskafear og kjøpesenter. Har fått testa både tog og metroen i dag, med korresponande og heile pakka;o) På vei frå metrostasjonen til hotellet fekk vi oss ein god dusj, etter som det etterkvart kom mange dråpar regn. Men det er den einaste skikklege regnbyga vi har hatt her, så vi skal ikkje klage!


Photobucket

Photobucket

Photobucket

Avreisedag
Fredag var det på tide å tenke på å komme seg heim. Flyet gikk klokka 19.45 på kvelden, men vi måtte komme oss på flyplassen nokre timar før. Derfor holdt vi oss berre i området nært hotellet den dagen. Nytta høve til å ta litt bilder på hotellet, og sjekka ut nærmaste bygning, som visste seg å ha x antall restaurantar som vi ikkje hadde sett før. Flyet var 30 minutt forsinka, noko som førte til at vi landa 15 minutt før nattbussen gikk frå Gardermoen, men vi rakk den på minuttet. Så var det Noreg att!
Photobucket
Photobucket
Photobucket

Photobucket

Fleire bilder frå turen ligg i album her:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar