I går fekk eg prøve å sløkke brann (brannøving på jobb), og deretter for eg oppi Saunesmarka for å møte Sindre og Mitzi på dyrlegekontoret. Så no er Mitzi kastrert og chip-merka. Det vart ein sjanglande kveld for M i går, men i dag er ho heilt kvikk igjen, og hoppar rundt ute. Skal ta stinga (3 stk) om 12-13 dagar, så spørs om lisje fresefrøken må dopast igjen då. Vi får sjå. Håper vi slepp, men det er ikkje umuleg slik som ho kan slå...
I dag er det 1. mai, og fri. Det var godt :o) Sindre har kalka hagen, vatna, og fylt på jord + sådd grasfrø der som var ei stor grop. Eg har vaska kle og hus, og rydda masse på loftet.
ka det kosta med chip?
SvarSlettLitt usikker, for ej betalte alt samla, men trur det va snakk om 3-400.
SvarSlett