torsdag, juli 10, 2008

Award og nye bloggvennar

I det siste har eg komt over utruleg mange flotte bloggar her i bloggeverda. Ein av dei er Tove sin, som eg tilfeldigvis kom over via ei hestejente eg kjenner i Ørsta. Og det er eg veldig glad for. Eg har vore "sniklesar" av bloggen til Tove ei lita stund, men måtte jo etterkvart gi lyd frå meg på dei flotte innlegga og bilda. Og ikkje før eg har "blitt kjent med" Tove, får eg ei utruleg kosleg overrasking på bloggen i dag.


Ein herleg award, som kom veldig overraskande, men blir sett veldig stor pris på! Tusen takk, Tove!

Eg har lyst å gi den attende, men eg veit ikkje korleis "reglane" er på det for slike awardar. Dette er min første - etter å ha oppdaga bloggverda "litt meir" i det siste. Men eg skal iallfall sende den vidare til sju stykker som fortener det - og då blir det vanskleg å velje.

Dei utvalde blir i denne omgang:

Liv Jorunn - LJ har ikkje blogg her på blogspot, men på hest.no, og bloggen hennar handlar mest om treningane av dei to herlege firbeinte vennane. Ein blogg eg er dagleg innom, og som alltid er både velformulert og gjerne med kjekke bilder.

Klara's tankar - dette er heilt klart den sterkaste bloggen eg les, og den tøffaste og mest utrulege jenta eg kjenner. Bloggen hennar er absolutt verdt eit besøk, og du får eit innblikk i ein annleis kvardag, samtidig som den er heilt lik vår. Eg er utruleg glad for både å ha blitt kjent med og fått møte Klara.

Samber Sioux/Biloxi Blue/Elx - Elx er utruleg ivrig å blogge om hestelivet sitt, med utruleg mange herlege blinkskot. Utruleg kjekt å "få bli kjent med" på Biloxi frå dag 1 :o)

Guro - alt som Guro skriv om er herleg lesning. Tankar og opplevingar. Eg er ikkje så flink å legge att kommentarar der, men er ofte innom å les! Skal prøve å bli flinkare med kommentarar ;o) I tillegg er Guro ein utmerket "personleg shoppar" når den lokale butikken ikkje har det du vil ha... Tusen takk igjen!

Camilla - heldigvis bloggar Camilla relativt ofte no, og der er alltid eit bilde å sjå på som gjer meg glad!

Anca aka FlyBabe - Anca, ei god venninne frå Hareid. Ho er ikkje den ivrigaste bloggar, men når ho bloggar, set eg stor pris på å lese tankane hennar! Av og til glimtar det til med nokre koslege bilder også - og det håper eg det vert meir av også!

Hanne Marte + Ole Terje - når gode vennar bor eit stykke unna, er det så kjekt å få lese litt oppdateringar om kva som skjer i deira kvardag. HM og OT er to aktive personar, så blogginga går litt i rykk og napp, men kanskje vert det litt tid medan den nye verdsborgaren søv til ei oppdatering i ny og ne til hausten? ;o)

Håpar sjølvsagt at alle tek imot prisen, og sender den vidare til andre som fortenar det! (du høgreklikkar på biletet av prisen og lagrar det på datamaskina di, deretter lastar du det ned til bloggsida di)

By accepting this Brilliante Webblog Premio 2008, you have to award it to 7 people who's blog you find Brilliante Award worthy. You can give it to as many people as you want, but please award at least 7. Make a comment on the nominated blog.

2 kommentarer:

  1. Takker og bukker Annika. Skal se om ikke jeg får "hengt den opp" i løpet av dagen. :)
    Klem

    SvarSlett
  2. Tusen takk Annika :)
    Skal se om jeg klarer å rote fram sju blogger som fortjener det :) (akkurat det tror jeg ikke skal bli noe problem, men jeg antar det er greit å unngå de som allerede har fått den, så da må jeg klø meg litt mer i hodet).

    Men tusen takk iallfall :) Og aller mest tusen takk for kommentaren -om- bloggen min, det var hyggelig lesing det!!

    Guro

    SvarSlett