torsdag, juli 10, 2008

Norgespremiere på Sjøborg i dag

Eg er på jobb denne helga, i Kinokiosken på Sjøborg. Ferievikar. Og i kveld er det premiere på Mamma Mia! - Abba-inspirert film, med fleire kjente skodespelarar. Eg håper filmen svarar til forventningane til alle. Salen er nærast full allereie, der er nokre få ledige billettar, men dei vert nok solgt på dei timane som er att. No er det litt stillare, derfor satt eg meg ned å blogga litt, sidan eg likevel må sitte her. Filmomtale og billettar finn du på http://www.sjoborg.no/.

I morgon er det duka for den mykje omtalte Sex and the City-filmen, og eg reknar med det vert fullt hus også då. Eg er litt spent på den filmen også. Men har vel ikkje hørt noko anna enn bra om den, trur eg. Blir mykje film denne helga ja.

Har du tenkt deg på kino i helga? Sjekk http://www.sjoborg.no/ for program - eller kanskje er det ein annan kinosal som er litt nærmare?

3 kommentarer:

  1. Hei! Eg var og såg Mamma Mia på Ørsta kino i går, og synest det var ein fantastisk film. Var litt rart til å begynne med, med all den synginga. Men du verden kor meg log! Og det verste med heile filmen var å halde stilt - som den kordame eg er hadde eg sjølvsagt lyst å synge med. Denne trur eg jammen eg må sjå ein gong til! No skal eg til å rydde/vaske på rommet til Ida, det er litt av eit prosjekt.....

    Kos deg i dag!

    SvarSlett
  2. Ja, eg syns også den var litt rar til å begynne med, men den kom seg. Mykje flott musikk iallfall:)

    Eg skal i familiebursdag no, og i kveld er det kino igjen, før vi skal i familiebursdag i morgon ogå. Mamma i dag og "svigermor" i morgon.

    Kos deg med Ida-rommet! Det blir nok flott!

    SvarSlett
  3. mamma mia filmen har eg veldig lyst til å sjå. Men har aldri anledning til å gå på kino. Skal sjå den på dvd ihvertfall :)

    Tusen takk for helsing hos meg
    Ønska deg også ein fin sommar.
    KLem

    SvarSlett