lørdag, juli 19, 2008

Ferie! Og dagens bilder :o)

Eg har ferie, i tre veker! Sindre skal jobbe i dag og i morgon, så har han også tre veker ferie :o)

Har blitt litt knapt med blogging denne veka. Har ordna diverse - så blogginga har blitt sett til sides litt. No står eg på farta til Ørsta og Volda ein tur. Møte to kjekke Høgskule-venninner, og ut på tur saman med Liv Jorunn og Pokemann etterpå. Kanskje det blir tid til ny blogging i kveld...


Dagens bilder blir av blomar - bilder som eg sjølvsagt har leika meg litt med... Denne gongen har eg ikkje brukt redigeringa i Photobucket, men Picasa og Picture Manager.

Photobucket
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Og til slutt ein blome utan fargar - for å vise kor mykje farge faktisk har å seie på dei vakre blomane!
Photobucket

2 kommentarer:

  1. Du skal til Ørsta/Volda og eg skal til Ulsteinvik - artig!

    God ferie!

    SvarSlett
  2. Tok med meg heile bøtteballetten og turnerte litt i Ulsteinvik, ja! Blåhuset imponerer ikkje, men kunne sikkert ha traska rundt på Overvåg i timesvis, og det gjeld faktisk husbonden òg! Skal ha meg ein tur litt seinare, ilag med ei syster og ei svigerinne. Litt lettare å handle, prøve kle og orientere seg utan eit kobbel ungar på slep. Men litt Lexingtonkle vart det visst i dag likevel.... No skal eg benytte laurdagsroa til å nyte eit godt glas vin og blogge litt! Ha ein fin kveld!

    SvarSlett