søndag, juli 13, 2008

Gratulerer med dagane Vigdis og Vigdis!

Mamma har bursdag i dag, og mor til Sindre fylte år i går. Nyttar høve til å gratulere begge to her på bloggen også (tvilar nesten på at nokon av dei er her å les, men veit jo ikkje)!

Sidan både eg og Sindre er på jobb i dag, feira vi bursdagen til mamma på fredag, med middag, kaffi og kaker. Mamma var også med å såg Mamma Mia! på torsdag. Ingen bilder frå dagen, dessverre.

Oppdaga til mi overrasking at eg knapt har eit einaste bilde av mamma på nett. Lukkast i å finne eit frå Borgarøya i 2006:

Photobucket



I høve bursdagen til Vigdis i går, var vi på Rovde ein tur. Der fekk vi rjomegraut, kaffi og kaker, og eg fekk nokre nye motiv festa på kameraet. Sindre monterte internett-dubbedittar på veggen og flytta lampen i spisestua også, til Vigdis si store glede.

Jubilanten:
Photobucket

Rovdepusen:
Photobucket

Sindre i "arbeid":
Photobucket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar