tirsdag, juli 22, 2008

Kan du motstå?

Nydlege jordbær
No ligg det bokser i frysa med jordbær, som vi kan kose oss med gjennom året, for å få ein liten smak av sommar også på vinterstid. Nesten så eg gler meg allereie. Men å styre med gode jordbær utan å ta ein smakebit? Eg kan forsikre om at dei smakte veldig godt!!

4 kommentarer:

  1. Mmmmm, såg godt ut med jordbær gitt! Vi har ikkje jordbæråker, så vi må kjøpe all bær. Eg må nesten vere heime åleine når eg tek med meg bæra heim, ellers blir det SVÆRT mange smaksprøver og SVÆRT lite igjen til sylting.
    Ellers så er eg einig i at eg burde ta turen til Hareid av og til. Kjem liksom ikkje på det! Koret eg syng i hadde forresten ein konsert i Hareid kyrkje for to år sidan (omlag) og berre 10 stk kom og høyrde på! Vi heldt på å besvime! Hadde turnert ein del med den konserten og trekt fulle hus kvar vi enn kom, men på Hareid svikta det gitt! Ei eg gjekk på lærarskulen attmed bur på Hareid, Siv Moe Hjelle, kanskje eg burde ta ein tur til Hareid og kombinere besøk og shopping!

    SvarSlett
  2. Ei av kordamene hadde fått med seg fire slektningar frå Fosnavåg (som ikkje var med på turnelista denne gong), dirigenten til eit Hareid-kor vart nr. fem, tantene til ei anna i koret vart nummer seks og sju (dei er frå Hareid), og dei 3-4 andre hadde vel ikkje noko betre å ta seg til den kvelden. Men alle som ikkje kom gjekk glipp av ei fantastisk koroppelving, hi, hi!
    Kos deg med jordbæra di, no skal eg sjå "Privat Praksis"!

    SvarSlett
  3. Ei av kordamene hadde fått med seg fire slektningar frå Fosnavåg (som ikkje var med på turnelista denne gong), dirigenten til eit Hareid-kor vart nr. fem, tantene til ei anna i koret vart nummer seks og sju (dei er frå Hareid), og dei 3-4 andre hadde vel ikkje noko betre å ta seg til den kvelden. Men alle som ikkje kom gjekk glipp av ei fantastisk koroppelving, hi, hi!
    Kos deg med jordbæra di, no skal eg sjå "Privat Praksis"!

    SvarSlett
  4. Vi hadde øvingshelg på Ulstein hotell i september (ca) og storkosa oss der! Sjøborg har vore nemnt som konsertarena, men ikkje denne jula. Dei konsertane er allereie booka. Men vi har ofte andre prosjekt òg, så kanskje det byd seg eit høve likevel?

    SvarSlett