tirsdag, juli 22, 2008

Veterinærbesøk

Mitzi har nok hatt nærkontakt med ein annan pusekatt, og fått seg eit lite klor på venstre auge, noko som har ført til ein augebetennelse, så då blei det veterinærbesøk på meg og Mitzi i går, noko Mitizi ikkje syns så mykje om.

Mitzi



Mitzi
Mitzi syns utruleg synd i seg sjølv innesperra i det fine buret sitt... Men roa seg etterkvart.

På heimturen stoppa vi hos mamma, og Mitzi fikk bli med inn, sidan mamma ikkje har katt lenger. Det vart veldig mykje å undersøke for Mitzi, og ho ville absolutt ikkje tilbake i buret når vi skulle heim, men det gikk eit minutt, så roa ho seg igjen - og ho var glad for å kome heim når ho såg vi var i Brandal att! Mange inntrykk for ein pusekatt i dag. Salve på begge augene i fire dagar og i ei veke til på den venstre. Blæh, syns Mitzi - men heldigvis er ho mindre enn oss, så det går greit å holde ho fast nokre sekund... ;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar