fredag, august 29, 2008

Det går mot haust...

Brandalssommar 015

Brått har det gått ei veke til, og no er det helg. Eg har verken blogga eller teke noko særleg med bilder denne veka, så her vert det gjenbruk ;o) Det er mulig fantasien tok litt ferie når resten av meg var ferdig med ferien, men det kjem nok attende.

Brandalssommar 119

Denne veka har både gått fort og seint på ein gong. Det vil seie at det har hendt både kjekke og mindre kjekke ting, men dei kjekke tinga overskuggar absolutt dei mindre kjekke, så no er dei mindre kjekke gløymt, og dei kjekke kan eg fortsette å gle meg over.

Denne helga har min kjære også fri, dvs eg sit å ventar på han no, men fri laurdag og søndag. Kanskje kan vi få tapetesert litt meir i gangen då! Brandalssommar 155 I tillegg står litt familiebesøk på programmet, og vips er nok helga over igjen.

Men endå er det berre fredag kveld, og vi skal nyte helga! Stearinlysa brenn og ute er det mørkt, slik aBrandalssommar 161t eg blir mint om at hausten nærmar seg. Eg likar hausten. Iallfall om eg får vere inne etter mørket har komt. Nokon som sa mørkredd? Det går seg til etterkvart som lyset forsvinn meir og meir ;o) 

2 kommentarer:

  1. Rart dette her, for kvart år som går synest eg at sommaren vert kortare og kortare...Og i år skal vi vel eigentleg ikkje klage, så fint ver som vi stort sett har hatt:)

    Men den er litt vemodig akkurat denne overgangen frå sommar til haust, men hausten er ei fin tid det også!

    Fin blogg du har:)

    Ha ei fin helg!

    (Håpar det er greit at eg linkar deg?)

    SvarSlett
  2. Høsten kommer så alt for fort!

    Godt at det kjekke overgår det u kjekke, det er det som virkelig gir livskvalitet i hverdagen.

    Ble gangen fin?

    SvarSlett