søndag, august 10, 2008

Mamma på nett!

Det har stort sett vore eg som har holdt på med data i barndomsheimen, og sidan mamma har hatt ein jobb ho ikkje har hatt bruk for data i heller, har ho heller ikkje brukt pc heime.

Men jobbar og tidene forandrar seg, og etterkvart skjer det mykje "KUN" på nett, sånn som lønnslippar, betaling av rekningar osv, så mamma såg behovet for PC og Internett, og i går var oppkoblinga etter litt om og men i orden.

Det vil med andre ord seie at ho kan ha kontroll med "alt" dottera skriv her og der... (litt ironi, er ikkje akkurat bekymra). Men det vil også seie at det er enklare å dele bilder og anna, så eg trur det vert kjekt =)

Velkommen på nett, mamma!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar