torsdag, august 07, 2008

Grüsse aus Switzerland

Når eg henta posten i går, låg der eit kosleg postkort å venta på meg i postkassa. Lurte veldig på kven dette var frå, sidan ingen eg kom på var på ferie no - og overraskelsen var derfor kjekk når eg såg kven avsendaren var - kortet var på klingande nynorsk, frå Kumar som for tida er i Sveits.

Eg har tidlegare skreve om  Kumar her på bloggen min, innlegget ligg her. Kumar er frå Sri Lanka, men har bodd i Noreg i 10 år, og er gift med Venezia, som er norsk statsborgar, men Kumar fekk ikkje oppholdstillatelsVenezia og Kumare her.

Saka blei anka, over 350 gjekk i fakkeltog for Kumar, og det blei oppretta ei støttegruppe for Kumar, som gjorde mykje for å prøve å snu utfallet, men då det endlege avslaget kom, valde Kumar å reise ut av landet - kona Venezia er att i Noreg. VI er mange som håper at ventetida blir kortare enn fem år for det unge ekteparet før dei kan bo saman igjen. Dersom dokke les her: Eg tenker på dokke begge to!

Historia er dessverre ikkje unik. I den seinare tid har media sett fokus på mange slike saker. Ein ting er iallfall sikkert. Handsamingstida på ein søknad om opphold må ned. Å sende ut folk frå landet som har bodd meir enn halve livet sitt her, vert etter mitt syn feil.

Tusen takk for postkortet Kumar!!

Det var veldig kosleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar