tirsdag, august 12, 2008

OL i Kina og holdningar

Ser du på OL? Eg har vel sett meir i år enn nokon gong før, av ymse grunnar, og eg heiar litt ekstra på sunnmøringane så klart!

Men enkelte ting med OL i Kina overraskar meg litt - vel og merke i litt negativ retning. Eg har aldri tenkt over noko særleg korleis Kina sin kultur er - men når eg først les om fyrverkeri som er animert før sendingane for å bli perfekt himlar eg litt med augene. Men når eg las denne saka i Dagbladet i dag, blir eg vel mest trist. Den skjønne jenta som sang på opningsseremonien sang ikkje likevel - ho mima... Jenta som egentlig sang var ikkje søt nok?... Jenta var jo både søt og sjarmerande. Kva gjer slike ting med folk, når dei veks opp med slike holdningar? For det er jo neppe kun i OL slike ting skjer...

Nok ein gong er eg glad for å bu i Noreg!

1 kommentar:

  1. hei på deg!

    Takk for besøk og hilsen hos meg ;-)
    Glassene er kjøpt på IKEA de ;_)
    Kun 49,- for 6 stk!! Løp og kjøp.

    Klem Torunn

    SvarSlett