søndag, september 28, 2008

Kvifor er ikkje regnkle merka slik som dekken er?

ADVARSEL: HESTEBLOGG!

Eg skal kome tilbake til forklaring på overskrifta... I går var eg i Volda, på besøk hos Janita og hesten Lea, og vi fekk oss ein VÅT, VELDIG VÅT, men kosleg og fin kjøretur i høljregnet. Nemnte eg det var vått? VELDIG VÅTT!!!

Godt utstyrt (?) med regnkle (men ikkje støvla) og litt ekstra kle, satte eg meg i bilen, med retning Volda. Plukka opp søskenbarn Maria, og møtte ei fole regnbyge. Vi var optimistar, og håpte det var bedre ver i Volda. Ei lang strekning innover var det rett nok opplett, men det hadde kanskje noko med at vi kjørte gjennom blant anna den 8 km lange Eiksundtunnelen, og fleire mindre tunnelar ;o)

Vi svinga innom Felleskjøpet, og fekk kjøpt kraftfor til Sugar. Oppdaga nemleg i forrige veke at kraftforutsalet her på øya har stengt :| Så no må vi visst til Ørsta eller Ålesund, verkar det som. Jaja, er ikkje så ofte vi treng påfyll til Sugar. Er kjedligare for dei som handlar ofte, men dei har vel vet til å kjøpe i større kvantum då, får vi tru.

Vel framme i stallen på Heltne, plukka Janita inn Lea frå haustregnet, for ei kort stelleøkt, men raskt ut igjen i ei kanskje enda verre regnbyge. Vi spente Lea for vogn, eg og Janita utstyrt med regnkle, medan Maria tok bilen fram til Solvollen (ridebana i Volda), sidan ho ikkje hadde regnbukse.

Så traska vi avgårde. Lea brydde seg lite om regnet, såg det ut til, men vi tobeinte blei ganske våte utanpå regnkleda. Janita var utstyrt med "oljehyre", og eg med "oljehyre-wannabe"-regnbukse og "vanleg" regnjakke. Eg kjente tidleg at det blei litt vått på føtene (fritidssko er ikkje regntett nei!), og litt her og der på beina, men tenkte det var inn lommene det regna. Etterkvart oppdaga eg nok at regnjakka ikkje var laga for vestlandsregn, men det gikk greit.

Vel framme på Solvollen, var vi våte - VÅTE! Og eg var ganske kald egentlig. Lea såg fortsatt ikkje ut til å bry seg så mykje om regnet, og trava friskt midt oppi sølepyttar og andre våte plassar. Planen var å ta eit par runder med sal på hesten, og kanskje både eg og Maria i salen, men det var så lite trivleg for både hest og folk, at vi droppa det, og vende nasa tilbake til Heltne etter nokre runder med vogn på bana.

Vi snudde nasa heimover, og plukka med oss ein paraply. Vi var sikkert eit artig syn. Lea såg ikkje ut til å ha hastverk med å komme heim, så eg trur ikkje regnet plaga henne særleg. Til tross for enorme nedbørsmengder, hadde vi ein kosleg tur i vogna. Det var lenge sidan eg hadde kjørt vogn, og holde pisk og taumar samtidig, samtidig som det er iskaldt og vått, kan vere ei lita utfordring, spesielt med "surra tau" som taumar, og dermed blei piska fast i taumane. Vi fann det tryggast at Janita var mi ekstra hand ;o) Eg gjorde også eit lite forsøk på å "demontere" kjørepiska, i det eg hørte "småååkk", og piska var i to delar. Visste ikkje det var muleg heller eg... heheh... Eg drog altså piska ut av skaftet.

Vel tilbake i stallen, fekk vi av oss regnkle, Lea fekk på seg ullteppe og eg fikk konstatert at regnkle ikkje er regnkle... Hestedekken er jo merka med kor stor vannsøyle det er, og det burde regnkle også vere. Forresten, når eg tenker meg om, trur eg at noko av det er det. Og når eg tenker meg om ein ekstra gong, trur eg at regnjakka mi var merka med eit ganske høgt tal, men det kunne ikkje stemme. Regntett? Nei, langt derifrå. Eg var våt tvers gjennom jakke, genser, t-skjorte og heilt inn til BH'en. Heldigvis hadde eg med meg ei ekstra jakke, varm og god fleecejakke. Verre var det med buksa. For regnbuksa mi som har tent meg i mange år, og holdt ute alt av vatn uten problem, har tydlegvis fått nok av vatn no... Buksa mi under var nesten meir våt enn tørr..

Så eg trur vi bør innføre ei ny merking på regnkle her i Norge...
- Regnkle for deg som har tenkt å vere i duskregn
- Regnkle for deg som har tenkt å vere i regnet maks 30 minutt
- Regnkle for deg som har lyst å holde deg tørr - rettare sagt, det heiter ikkje regnkle, men oljahyre!! ;o)
...og kanskje nokre til?

Men vi hadde ein fin tur i regnet vi, og det er det viktigaste. Då er det godt å kome heim også, å få seg ein varm og god dusj. Verre var det for Maria, som kom heim og fikk vite at vatnet var vekk, grunna brot på vassledninga ein eller annan plass...

Lea vel plassert i boksa si:)

Det blei dessverre kun bilder innandørs, sidan det var så fælt med nedbør i går... Av hensyn til kameraet... ;o)

1 kommentar: