torsdag, januar 08, 2009

Refleks, refleks, refleks! Igjen...

Etter endå lenger mørketid, kjem det eit nytt refleksinnlegg frå meg...

Eg har vel alltid vore "litt over middels" glad i refleks. Stor lukke på jord var det då eg fekk ny refleks i førjulspresang når eg var mindre. At vesten var nærast heildekt av ein Gjensidige-mann betydde mindre. Det glinsa i mørket uansett!

Eg hugsar også den heller lekre nettingvesten som var min første refleksvest, og alle dei kjekke refleksbrikkene eg har hatt. Bamserefleksen frå barnehagetida har eg endå, godt bevart! Litt meir usikker på kor vidt den fortsatt reflekterer i lyset då...

image Eg forstår at ikkje alle kan vere like glad i refleks som meg. Men eg trudde alle var glad i livet...

I ung alder hadde eg ikkje begrep om kor vidt eg var synleg i mørket eller ei, men vi lærte at refleks var viktig, både i heimen, barnehage og skule, og dei fleste av oss godtok det. Og det gjer veldig mange unge endå, heldigvis.

Når eg no sit bak bilrattet veit eg med eigne auge kor vanskleg det er å sjå i mørket, og nærast umogleg om ein person har mørke klede og ingen refleks. Eg vil tru det ikkje berre er eg som sit att med den erfaringa? Men av og til lurer eg...

Likevel møter eg nærast dagleg folk utan refleks på tur i mørket. Anten aleine eller saman med ein to- eller firbeint venn. Dei voksne er egentlig verst. Og har den tobeinte refleks, er sjansane små for at den firbeinte har refleks. Kva om den firbeinte tek laust, utan den tobeinte. Då er ikkje den firbeinte god å få auge på heller...

image Eg kom køyrande heim frå jobb ein sein fredagskveld i desember. I Hareid sentrum møtte eg tre personar på rekke. Alle tre hadde eit lyst plagg og eg såg dei forsovidt utan store problem. Ingen refleks. Heilt til eg eg var altfor nært, då såg eg brått at dei var FIRE personar! Ikkje tre som eg trudde. Person nr fire gikk i veibana, mørke kle og ingen refleks. Heldigvis hadde eg lav fart, ingen møtande bil og ok føre, så eg rakk å svinge utom rekka med folk i tide. Men eg angra etterpå at eg ikkje stoppa og ga frå meg refleksbrikka mi. Og det kunne gått verre...

Eg fattar ikkje at det skal vere så vanskleg å bruke refleks? Aller helst refleksvest e.l. men ei brikke er også bedre enn ingenting. Er det fordi det er kjipt å bruke? Latskap?

Å sjå betyr ikkje at du blir sett...!

Bruk refleks. Det er så mange som er glad i deg...
Det kan redde liv!

Mitt tidlegare innlegg om refleksbruk finn du her.

Bildet over er lånt frå HER.

4 kommentarer:

  1. Kan ikke gjøre annet enn å signere dette blogg innlegget her. Det er så viktig!

    SvarSlett
  2. Så klart det er viktig!! Bra du tek det opp. Eg brukar alltid refleks i mørket. Vogna har hengande refleks og barna brukar både refleksvest og refleks når dei er ute.
    Ha en fin kveld
    Klem

    SvarSlett
  3. Hei!

    Jeg er SÅÅÅ enig med deg. Senest i går kveld holdt jeg på å kjøre på ei mørk-kledd dame på riksvegen. Jeg blir sint og oppgitt. Voksne folk kan da ikke være så dumme, men det er de altså.

    SvarSlett
  4. Anonym1:32 a.m.

    holt på å kjøre på en nisse nor for Trysil. sag han ikke før ej var noen meter fremfor han. i 90, møtende trafikk og rein. nissen blei forbanna og de såg ut som han skulle hive ei pappeske på bilen min. men då skulle ej ha banka han og tredd refleksvesten over hode på han :P

    SvarSlett