søndag, november 02, 2008

Refleksbruk...

Ein kveld på vei heim frå jobb fekk eg meg ein ordentlig støkk. Eg kom kjørande i sentrum, og ante fred og ingen fare. Langs veien gikk tre personar, så eg slakka på farta og svinga litt utom denne rekkja. I det eg er få centimeter i frå personane, får eg den store støkken. Dei var ikkje tre personar, men FIRE. Og nummer fire, han gikk nærmast bilvegen, med svart jakke, svart bukse og svart hue... Kva er det folk tenker på? Dei andre personane hadde lyse klesplagg, men ingen refleks... Heldigvis såg eg alle fire i tide...

Eg har tenkt eg skulle blogge om dette, og det er det fleire som har gjort ser eg. Tove (tovehd.blogspot.com) har skreve eit utruleg gripande innlegg, som eg anbefalar alle å lese. Ho ordlegg seg utruleg flott!

Eg har iallfall utstyret i orden når eg er ute i mørket... Har du?

Bruk refleks. Det er så mange som er glad i deg...
Det kan redde liv!

Stall 016 
Eg og Sugar godt utstyrt med refleks, sjølv i dagslys/skumringa.

3 kommentarer:

  1. Kjempekjekt at du linkar til innlegget mitt! Viktig at bodskapen spreier seg. Du har utstyrt deg godt, ser eg - kjempebra!

    SvarSlett
  2. For all del ha på både dykk sjølve OG hestane godt med refleks..! Du hugsar kva eg sa igår til deg Annika, at eg ikkje såg hesten i det heile.. Det ligg faktisk nokre refleks i ei korg ned på venterommet på hareid.. ;)

    Dessuten.. mange som går med gamle refleksvestar bør kjøpe seg ein ny, sidan dei blir "oppbrukte" av vask osv..

    SvarSlett
  3. Anonym7:14 p.m.

    Ej trur ikkje ej veit om noken so e so flinke til å bruke refleks på hesten so ho annika! Hadde ho lea hatt på sej meir refleks so trur ej heile hesten hadde vår dekte!

    Maria:)

    SvarSlett